Karsten droppar NM

Karsten Warholm i Ulsteinhallen  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Sport

Karsten Warholm deltek likevel ikkje i NM i friidrett i helga.

Det stadfestar trenar Leif Olav Alnes til NRK fredag ettermiddag.

Årsaka er utladinga i Diamond League-finalen torsdag, der Dimna-utøvaren vann 400 meter hekk.

Det var meining at Warholm skulle delta på 400 meter flatt i NM i Kristiansand.