Klare for Bring-kvalifisering

Håpar å bli første Hødd-lag som kvalifiserer seg til den nasjonale toppserien.

Klare for kvalifisering: Frå venstre: Live Kleven, Anette Vedvik Håskjold, Dina Slotterøy Kleiven, Susanne Våge, Ivana Terzic, Fredrikke Ulstein Mæhlum, Mathea Olise Holstad Myklebust, Sol Klevberg, Lisabeth Brudevoll, Berte Hestholm og trenar Igor Terzic.  

Sport

Hødd Handball sitt J16-lag kvalifiserte seg førre sesong til den regionale toppserien som første lag i klubben. Då vart håret til Hødd-trenar Igor Terzic farga raudt, men i år siktar Hødd-jentene endå høgare. No ønskjer laget å kvalifisere seg til den nasjonale Bring-serien. Klarar dei det er det igjen fare på ferde for håret til trenaren.