Kongsvinger stoppa Hødd-festen

HØDDVOLL: Eit stort publikum fekk sjå mykje dramatikk på Høddvoll, med to raude kort før pause. Måla var det verre med.

Paul-Henri Moussinga fekk sjå det raude kortet etter to gule i førsteomgangen mot Kongsvinger. Då hadde Kongsvinger allereie ein mann utvist.   Foto: Per Werkland

Sport

Hødd inviterte til skikkeleg fotballfest på Høddvoll då serieleiar Kongsvinger kom på besøk søndag. Spelarane på dei to laga varma opp til tonane frå Søre Sunnmøre sitt største korps og framom eit større publikum enn ein har sett på Høddvoll på lang tid.