Hødd - Træff:

Tapte klart mot botnlaget

Før møtet med Hødd hadde ikkje Træff tatt eit einaste poeng på sine første sju seriekampar. Men dei første poenga i år var det Hødd som skulle forære dei.

Feira: Her hadde Maria Sigerseth Jacobsen akkurat sett inn Træff sitt andre mål mot Hødd etter 28 minutt. Det blei til slutt 0-3 på Høddvoll.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Hødd hadde sikra seg 6 poeng på sine sju kampar i 2. divisjon så langt denne sesongen – før møtet med botnlaget Træff. Romsdalingane hadde null poeng på sine sju kampar – og det var nok difor Hødd som var rekna som favoritt før oppgjeret på Høddvoll.