Tromsdalen - Hødd 0-0:

Delte poenga - og mange gule kort

Det blei som venta eit tett og jamt oppgjer mot Tromsdalen på TUIL Arena - og mange gule kort. Det blei til slutt 0-0 og poengdeling.

Poengdeling: Oskar Johannes Løken (bildet) og Hødd klarte ikkje å score mål borte mot Tromsdalen. Det blei heller ingen nettkjenningar på heimelaget - så laga delta poenga søndag. Her ser ein Løken i aksjon under heimekampen mot nettopp Tromsdalen - då det blei heile 4-0 til dei blåkvite.  Foto: Hødd Fotball/Arkiv.

Sport

Utgangspunktet for kampen var at andreplasserte Hødd skulle prøve å ta tre nye poeng - i oppgjeret mot sjuandeplasserte Tromsdalen. Hødd og Tromsdalen hadde høvesvis 41 og 30 poeng på 19 og 17 kampar.