Møter Tomrefjord i kvalifiseringa

Hødd 2 avslutta serien med 7-0 siger over Rollon fredag, men med avdelingssigeren i 4.-divisjon blir det no kvalifisering mot Tomrefjord om opprykk til 3.-divisjon.  

Sport

Hødd 2 sikra seg avdelingssigeren i 4.-divisjon på Sunnmøre med ein råsterk 7–0 siger over Rollon på bortebane fredag. Samstundes spelte Herd uavgjort mot Bergsøy og dermed tok Hødd 2 KM-tittelen på Sunnmøre.