Sikra seg større luke - tek ikkje kvaliken på forskot

Med tre kampar igjen å spele vågar framleis ikkje Hødd å rekne andreplassen for sikra – sjølv om dei blåkvite etter sigeren mot Vålerenga 2 har sikra seg ei luke på seks poeng ned til Asker. – Fokuset er på neste kamp, sa stopparbautaen Magnus Bruun-Hanssen etter oppgjeret.

Feira sigeren: Hødd kunne feire nok ein viktig trepoengar etter at dei valsa over Vålerenga 2 måndag kveld. Men - verken trenaren eller spelarane vil forskottere noko i høve kvalikplassen.  Foto: Per Werkland.

Sport

- Det blei ein kamp mellom menn og gutar - noko som kom veldig tydeleg fram gjennom store delar av kampen. Det var herleg å innkassere tre nye poeng, på ein overbevisande måte, sa Magnus Bruun-Hanssen og Håkon Bjørdal Leine i intervjusona etter storsigeren over Vålerenga 2.