Arendal - Hødd 2-2 (3-4 samanlagt):

Hødd er klare for playoff

Det blei ikkje uventa eit svært spanande oppgjer i Arendal. Heimelaget var gode, og scora to gonger - men utlikninga til Oskar Johannes Løken etter 62 minutt skulle sende opprykksdraumen i retning Hødd. Dei blåkvite er klare for playoff!

Målfeiring: Her feira Hødd Oskar Johannes Løken si 2-2 scoring på Norac stadion etter 62 minutt. Ei scoring som gjorde at heimelaget Arendal derifrå og ut kampen måtte score to mål til for å vinne samanlagt.  Foto: Hans Olav Rise.

Sport

Ikkje uventa gjekk Hødd hardt ut frå startblokkene i den andre kvalifiseringskampen mot Arendal, borte på Norac stadion. Med 2-1 å gå på frå Høddvoll i førre kamp - var utgangspunktet greit før oppgjeret i sørlandsbyen. Men ikkje meir enn at dei blåkvite helst måtte score også der - for å vere meir sikre på å klare å ta playoff-plassen.