Sjå bilde frå Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen:

- Veldig kjekt å konkurrere

Det sa ni år gamle Sofie Flø Husøy og åtte år gamle Filippa Dimmen Ertesvåg - som begge konkurrerte i fleire øvingar under Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen laurdag.

Konkurrerte: Hareid IL-utøvar Sofie Flø Husøy (9) og Dimna IL-utøvar Filippa Dimmen Ertesvåg (8) var berre med på ulike øvingar under Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen laurdag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Laurdag inviterte Dimna IL til Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen – eit stemne som i utgangspunktet var ope for alle frå rekruttklassene til seniorklassene. Hovudsakleg var det utøvarar opp til 15 år som konkurrerte. Godt med publikum var også på plass for å få med seg det som skjedde.