– Tida er inne for nye impulsar

Klar for Skeid: Bendik Rise har spelt i Hødd sidan han byrja å spele fotball, men over nyttår skal ulsteinvikaren spele for ny klubb. Julaftan vart det klart at Rise er selt frå Hødd til Skeid og Rise flyttar snart austover til Oslo.   Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

Bendik Rise har spelt "heile livet" i Hødd. No er 23-åringen klar for nye utfordringar og julaftan kom nyheita om at midtbanespelaren er selt til Skeid. Over nyttår tek Rise med seg flyttelasset til hovudstaden for å ta til på eit nytt kapittel.