Etter at Aafk tok poeng mot serietoar Odd tidlegare i dag kunne Molde med Ørjan Håskjold Nyland mellom stengene ta seriegullet i Tippeligaen med siger mot Viking i Stavanger. Det klarte laget frå rosenes by, og med 2-1 siger i bagasjen kan den tidlegare Hødd-keeperen og resten av Moldelaget gjere seg klare til feiring i Molde.

Voldingen Nyland var ein av Hødd sine viktigaste spelarar då laget frå Ulsteinvik tok cupgull i 2012. Keeperen som no også ser ut til å vere førsteval på landslaget vann også cupgull med Molde i fjor, og no er han seriemeister.

Det kan verte endå meir jubel for keeperen, sidan Molde også i år skal spele cupfinale, denne gongen mot Odd.