- Ulsteinhallen har utruleg gode fasilitetar, seier trenaren til Volda Handball, Igor Terzic, til avisa Møre. Avisa fortel at Terzic er i Ulsteinhallen seks timar i veka gjennom eit samarbeid med Ulstein vidaregåande skule.

I følgje Møre har ikkje damelaget til Volda nytta seg av Ulsteinhallen førebels, men trenaren fortel at dei kanskje kjem til å prøve seg på nokre treningskampar når sesongen er ferdig.

- Vi er heller ikkje framande for å spele heimekampane våre der, seier Igor Terzic.

Slik tilhøva er no, har nemleg ikkje Volda og Ørsta idrettshallar som tilfredsstiller krava dersom Volda rykkjer oppover i divisjonane. Og opprykk, det har vore målet frå dag ein for den tidlegare landslagsspelaren frå Kroatia som overtok som trenar for 2. divisjonsklubben Volda i fjor.

- Idretten er den største propagandaen for ein by. Har du eit godt lag, kjem du raskt på kartet. Vi ynskjer jo helst å spele kampane våre i Volda, men her er hallsituasjonen så dårleg at vi ikkje vil få lisens. Så lenge ikkje politikarane vert einige om ein ny storhall i Volda må vi sjå på andre løysingar. Og då kan Ulsteinhallen vere eit alternativ. seier Terzic til Møre.