Fredag vart det klart at Hødd signerer Ole Amund Sveen på ei toårskontrakt. Sveen hadde framleis eit år igjen av kontrakta med Strømsgodset, men André Nestad i Hødd fortel at spelaren kjem vederlagsfritt.

Er dette ein spelar de har sett på lenge?

- Vi har søkt spelarar lenge. Ole Amund var på besøk her sist mandag, og er ein spelar vi har sjekka opp godt. Han spelte mellom anna i HamKam i fjor, fortel Nevstad.

Sportssjefen seier at Sveen er ein type spelar som passar godt inn i Hødd, og at han ser ut til å passe godt inn i troppen.

- Han er ein anvendeleg spelar, som har spelt mykje midtstoppar i Strømsgodset, men vi ynskjer hovudsakleg at han skal kjempe om ein plass på midbanen, fortel Nevstad. Han legg likevel ikkje skjul på at det er greit med spelarar som kan spele i fleire posisjonar. Sveen spelte sist midtstoppar for Strømsgodset i finalen på Copa del Sol i vinter, ifølgje Nevstad.

Når kan Sveen vere klar for spel?

- Han kjem oppatt hit mandag, men han har hatt ein liten skade i låret, så vi kjem til å vere forsiktige med han, seier Nevstad. Spelaren skal vere i god form, og ikkje langt frå å vere kampklar, men Nevstad understrekar at det er viktig for klubben at ein ikkje kastar Sveen uti for tidleg.

Kjem det fleire spelarar?

- Vi arbeider framleis med å styrke troppen, men eg ynskjer ikkje å seie så mykje om det.

Kva med dei to prøvespelarane som var med til La Manga?

- Der har vi ikkje konkludert. No fekk vi inn Ole Amund, men dei er framleis tilgjengelege, seier Nevstad.