– Det skjer for lite framfor mål

Knappen følgjer med på oppvarminga. 

Fotball

Laurdag ettermiddag spelte Hødd sin andre treningskamp etter den tre månadar lange pausen frå fotball. Førre helg slo dei Florø 2-1, og i dag reiste dei «blåkvite» til Brattvåg for å møte divisjonskollegaen sin. Det gjekk ikkje like bra som førre helg, og enda med eit 2-0-tap for «Høddarane».