Ine Sleipnes og Caroline Overvåg scora for Hødd-damene heime på Høddvoll søndag, men laget måtte likevel sjå at det var Træff/Langfjorden som gjekk til pause med leiinga på 2–3.

Etter ein førsteomgang der Hødd leverte tidvis svært godt spel, fekk ikkje laget til like mykje etter pause. I staden var det bortelaget som sette sitt fjerde for kvelden 11 minutt før slutt. Før målet hadde det ikkje skjedd spesielt mykje framom måla, men Hødd kom svært nære ved å redusere på overtid.

Caroline Overvåg var høgast på ein corner, men headinga gjekk i ei lagvenninne og det hindra at ballen gjekk over streken.

I år er det Henrik Breimyr og Torbjørn Rekdal som er trenarar for Hødd-damene. Breimyr svært godt fornøgd med det laget gjorde i starten på kampen.

– Første 35 var strålande. Då spelte vi gjennom dei, var gode med ballen og spelte oss til ein haug med sjansar. Vi burde nok fått endå meir utav dei. Det er eigentleg litt synd at vi ikkje ledar med meir når dei får sitt første mål, fortel Breimyr.

Trenaren fortel at dei gjorde nokre byter utover i den andre omgangen og at ein håpa ein skulle kome opp på nivået frå den første, men at det blei ein rotete omgang for begge lag.

Hødd-damene har no litt over ein månad igjen før seriestarten mot FK Sykkylven 18. april.

– Siste 60 minutta viser litt av det vi har å jobbe med. Vi har nokre faste ting vi jobbar med, som at fysikken i laget skal bli betre. I tillegg skal vi både tore og klare å eige ballen. Skal vi vere eit opprykkslag så må vi vere det beste laget offensivt. Det såg vi at vi klarte dei første 35 minutta, men då vi blei litt slitne og dei stod høgare, så blei det meir feil og nivået vårt datt. Det er nok hovudpunkta, fortel Breimyr.