Laurdag var kubjellene tilbake på tribunene i Ulstein Arena - då Hødd spelte to nye kampar i regionserien for jenter 16 år.

Frå langt bak til uavgjort

I første oppgjer møtte Hødd laget Skaun frå Trøndelag. Eit oppgjer som skulle vise seg å bli tøft.

Laga starta jamt - men ein kombinasjon av litt unøyaktige overgangar og slurv gjorde at Hødd på det meste hamna fire mål bak Skaun - på stillinga 6-10 like etter pause. Men - Hødd slo tilbake - og nærma seg motstandarane litt etter litt.

Godt hjelpt av to mål frå Sol Stensvaag Klevberg heilt på tampen - sikra Hødd seg 14-14 og ein uavgjort.

foto
Bombardement: Skaun bombarderte til tider Hødd - og sjølv om heimelaget gjorde fleire tekniske feil - stod rosatrøyene godt i mot. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sigra over Aksla

I andre kamp - mot Aksla laurdag ettermiddag - sikra Hødd seg to poeng.

Etter ein jamn første omgang, som ebba ut på stillinga 11-11 - skrudde heimelaget opp eit par hakk i andre omgang.

Dina Slotterøy Kleiven sende Hødd fire mål framfor Aksla 19. minutt ut i andre omgang - på stillinga 21-17.

Hødd vann til slutt 23-20 - ein fullt fortent siger.

Med det har Hødd til no i sesongen 13 poeng på 8 kampar - og ligg på andreplass - bak Tiller.

Kampfakta

Regionserien J16

Hødd - Skaun 14-14 (6-8)

Ulstein Arena

Dommarar: Morten Berge Digernes, Antoni Vike Danielsen

Hødd: Ivana Terzic, Sol Stensvaag Klevberg (5), Anette Vedvik Håskjold (2), Dina Slotterøy Kleiven (2), Berte Oline Grimstad Hestholm, Thea Dyrhol Slenes (1), Lisabeth Løseth Brudevoll, Mathea Olise Holstad Myklebust, Susanne Våge, Live Kleven

*

Regionserien J16

Hødd - Aksla 23-20 (11-11)

Ulstein Arena

Dommarar: Morten Berge Digernes, Antoni Vike Danielsen

Hødd: Ivana Terzic, Sol Stensvaag Klevberg (7), Anette Vedvik Håskjold (5), Dina Slotterøy Kleiven (2), Berte Oline Grimstad Hestholm, Thea Dyrhol Slenes (2), Lisabeth Løseth Brudevoll (2), Mathea Olise Holstad Myklebust, Susanne Våge (2), Live Kleven

foto
Skadd: Hødd sin toppscorar og lagkaptein Fredrikke Ulstein Mæhlum er skadd, og måtte finne seg i å følgje kampane mot Skaun og Aksla frå sidelinja. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
foto
Med auge for mål: Sol Stensvaag Klevberg i skotet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.