Totalt rundt 30 frå Blåsarane reiser til Brattvåg laurdag for å heie fram dei blå og kvite i kampen mot divisjonskollega og fylkesrival Brattvåg.

Oppgjera mellom dei to klubbane er nok årets største med lokale auger, og historisk sett kampen mellom storebror Hødd og veslebror Brattvåg.

- Skal ikkje undervurdere dei

Talsmann Atle Moldskred og medlem Bjørn Ove Bakke er to av Blåsarane som skal heie fram dei elleve ute på bana, og dei håper sjølvsagt på tre poeng til Hødd.

- Heilt klart. Men vi veit det blir tøft. Vi skal absolutt ikkje undervurdere Brattvåg. Dei har eit solid lag, seier Moldskred og Bakke.

- Bør ikkje Hødd slå Brattvåg, eigentleg?

- Det sa ein også om Molde før dei møtte Brattvåg i cupen. Dei fleste hugsar jo korleis det gjekk. Molde blei sendt heim i skam. Vi veit at skal vi vinne mot Brattvåg på deira heimebane, må vi prestere vårt beste, seier dei to kontant.

Vil vise kven som er best i fylket

Dei tidlegare Hødd-spelarane Hugues Wembangomo og Sondre Beite er berre to av spelarane Hødd bør sjå opp for, meiner dei to.

- Skal Hødd lukkast med å rykke opp i år, må vi byrje å vinne kampar. Vi møter i dag eit lag som er samansett av spelarar frå mange ulike nasjonar, og dei har mange kvalitetsspelarar.

Bjørn Ove Bakke og Atle Moldskred meiner dette blir eit oppgjer om kven som er best i fylket.

- Heilt klart. Det vil vise kven som er best i 2. divisjon av oss her i fylket. Dette blir spennande!

Her kan du følgje oppgjeret LIVE. (+)