Byskata har vore kontraktlaus i fire månader og reist litt fram og tilbake for å finne ein passande klubb. Mellom anna har han prøvespelt for lag i Irland, Tyskland og norske Kongsvinger før han no tek seg nokre dagar i Ulsteinvik.

- Eg kunne ha gått til Kongsvinger. Dei la fram eit kontraktsforslag til meg. Akkurat no veit eg ikkje kva som skjer med meg. Hødd kan vere ein interessant klubb. Men eg veit heller ikkje mykje om norsk fotball. Sett vekk frå at eg ser at dei er litt meir direkte i spelestilen her enn i Finland, der vi er meir opptekne av å ha ballen mykje i laget. Det er heller ikkje så mykje løping i finsk fotball, fortel Patrick.

God pasningsfot

Som jamt over imponerte med gode pasningar og godt blikk for spelet mot Lokomotiv Oslo. Men Patrick fann ingen grunn til å ta av.

- Eg slo nokre gode pasningar, og vi spelte ein bra 1. omgang. Men motstanden var neppe den beste denne kampen.

- Kva er dine styrkar og svakheiter som fotballspelar, Patrick?

- Eg slår gode pasningar og er ein god lagspelar. Kanskje er eg litt treig og litt sein med ballen. Eg er heller ikkje ein veldig stor og fysisk spelar. Men eg jobbar kvar dag med å bli betre på det eg må bli betre på, forklarer 23-åringen.

- Positivt inntrykk

Trenar Kenneth Moldskred likte det han såg av Patrick Byskata då Hødd A/B vann 6-2 mot Lokomotiv Oslo.

- Patrick er ein god fotballspelar. Han er trygg med ballen, har ein god høgrefot og er flink til å vende spelet. I og med at Patrick kom i går kveld synest eg han gjorde eit positivt inntrykk. Han fungerte godt som ein stabilisator på midtbana saman med fleire yngre spelarar som han jo aldri har spelt saman med før, vurderer Moldskred.