Det er ikkje kvar dag at eliteseriemotstand kjem på besøk på Høddvoll, men det var lite som skulle tilseie at det var to divisjonar skilnad på Hødd og KBK.

Allereie før kampen var fem minutt gamal sette Robin Hjelmeseth ballen i mål, men assisentdommaren heisa flagget og markerte for offside. Sjansen kom etter at Joachim Osvold sendt i veg eit skot som vart blokkert – og la seg perfekt i skotposisjon for Hjelmeseth.

Etter ei lang periode der ingen av laga klarte heilt å setje trykk på kvarandre, sette Hødd i gang ei kontring mot Hjelmeseth. Etter litt fram og tilbake enda ballen i beina til vingback Daniel Eid som klemde til frå skrått hald. Ballen smalt i stolpen, men dessverre for Hødds del utover dødlinja.

Med halvspelt førsteomgang skulle det derimot endeleg losne på Høddvoll. Eit perfekt slått hjørnespark av Hjelmseth fann vegen til pannebrasken til Steffen Moltu, som stussa ballen inn KBK-keeper Sean McDermott. Ei enorm vitamininnsprøyting for Hødd, som hadde stått for det meste av underhaldning på Høddvoll-matta.

Eit skummelt ballmiss på midtbanen skulle KBK få sin første stort sjanse i kampen, og Bendik Bye fekk ei svært god mogelegheit til å setje inn 1-1, men avslutninga frå spissen sneik seg akkurat på utsida av stolpen til Ole Monrad Alme.

Rett før pause kunne heimefansen sleppe jubelen laus endå ein gong. Etter godt forarbeid av Hjelmeseth, kunne Joachim Osvold enkelt plassere inn 2-0 i det nærmaste hjørnet bak ein sjanselaus McDermott.

Gjestene frå Nordmøre var heilt nøydde å presse på etter sidebytet for å ikkje ryke ut av cupen, men dei kvitkledde makta ikkje å setje det heilt store trykket på Sindre Eids utvalde.

KBKs første nemneverdige mogelegheit i 2. omgang kom i det 70. speleminutt då innbytar Karamoko Daouda Bamba var nære å snirkle ballen inn i Almes lengste hjørne etter eit innlegg frå høgre, men avslutninga gjekk akkurat utanfor stolpen.

I staden heldt Hødd på å kontre inn 3-0 berre nokre få minutt seinare. Ei glimrande pasning i bakrom frå Bendik Rise opna opp for Osvold, som fekk spurte rett mot målet til McDermott. Sisteskansen gjorde ei god redning og det heile enda med eit hjørnespark for Hødd.

Det var også Hødd som var nærmare 3-0 enn KBK var 1-2, for dryge 10-11 minutt før full tid landa ballen perfekt i beina til Marius Hagen som klemde til frå skrått hald inne i KBKs 16-meter. Skotet var derimot redda av bortelagets målvakt.

Osvold hadde lyst på ei ny scoring like etterpå, men også denne gongen var Mc Dermott godt med på notane.

Inne i overtida fekk KBK ein enorm sjanse til å redusere, men Alme fekk ballen rett på seg og varta opp med ei flott reaksjonsredning.

Dermed vart det ingen fleire scoringar på Høddvoll, og cupeventyret held fram for Hødds del. Neste stopp i noregsmeisterskapen for Sindre Eid og co vert Aspmyra der Bodø/Glimt ventar.

KAMPFAKTA

2.-divisjon avdeling 2

Hødd – Kristiansunds BK 2 - 0 (2-0)

Høddvoll, 1159 tilskodarar.

Dommar: Tommy Skjerven, Kapuanger IL

Gule kort: Andreas Breimyr, Daniel Eid Joakim Wrele, Amidou Diop

Mål: 1-0 Steffen Moltu (23), 2-0 Joachim Osvold (43)

Hødd: Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Marius Hagen, Joakim Wrele, Andreas Breimyr (Bendik Rise 72), Preben Sætre – Joachim Osvold (Bader Rahhaoui 88), Robin Hjelmeseth (Markus Naglestad 79)