Etter vel eit halvår i ungdomsfotballen er det særs imponerande at relasjonane har sett seg såpass godt som prestasjonen på bane 19 skulle tilseie. Gong etter gong varta dei blå og kvite opp med strålande angrepsfotball.

Når dommaren blåste av kampen stod det heile 14–1 til Hødd. Tobias Hatløy og Iver Skeide stod for tre mål kvar, Andreas Fjørtoft, Håkon Sandnes og Erlend Skeide skåra to mål kvar, medan Jonas Ose og Noah Mork sette ballen i nettmaskene kvar sin gong.

– Dette var verkeleg det ein kan kalle ei lagsiger. Alle spelarane fekk speletid og samtlege bidrog til ein god prestasjon, seier trenar Jonny Mork til Vikebladet etter kampslutt.

Fotball, Tøyenbadet og flørting

Vidare fortel Mork at han tykkjer er det kjekt å sjå at laget skårar såpass mange av måla på godt angrepsspel der laget hadde fleire pasningar i laget før ballen låg i nettet bak Holmlia sin keeper.

– I tillegg er vi flinke og aggressive i presset vårt som gjer at vi får fleire gode overgangsmoglegheiter. Dei nytta vi også godt, avsluttar han.

Det var, forståeleg nok, smørblide Hødd-spelarar etter kampslutt. På spørsmål om kva som skjer vidare i kveld var svaret følgande:

– Fotball, Tøyenbadet, og flørting med alle dei søte jentene her på ”Sletta”.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka. Du kan trykke på tala eller bruke piltastane for å navigere i bileteserien. Dersom du ikkje får bla til neste bilete, prøv å oppdatere artikkelen. Det kan også ta litt tid å laste artikkelen grunna mange bilete.

Hugs at du kan sende inn bilete, tips og historier frå Norway Cup. Send inn til sport@vikebladet.no eller sms/mms til 482 25 319.

Hødd saman med Karanba etter kampslutt mellom Hødd og Holmlia.