28. og 29. desember er for mange synonymt med fotballmoro i Hareidhallen. Sidan 1994 har Grendacupen blitt arrangert, med unntak av eit par år der koronaviruset gjorde sitt til at turneringa måtte avlysast.

I fjor rulla ballen endeleg igjen under Grendacupen og då var det med 18 lag i herreklassa, fem i dameklassa og tre i kvar av ungdomsklassene.

På Hareid IL sine nettsider skriv arrangørane at dei håper det blir noko fleire ungdomslag i år.

Påmeldingsfristen for årets turnering er sett til 11. desember og denne er ifølgje Hareid IL absolutt ...

Arrangørane minner også om at det er viktigare å vere med enn kor godt ein gjer det.