18. mars i fjor vedtok årsmøtet i IL Hødd å innlemme innebandy i laget sin portefølje. Nokre månadar seinare – nærare bestemt måndag 21. juni, signerte Hødd Innebandy ein femårig hovudsponsoravtale med Sparebank 1 Søre Sunnmøre – som blant anna gjorde at laget ville vere i stand til å gjere fleire store investeringar, som eit skalerbart vant.
I juli arrangerte Norges Bandyforbund, IL Hødd Innebandy og Ålesund Hurricanes ein sommarcamp i Ulstein Arena – som vart ein suksess.
Nok ein merkedag
Laurdag 23. januar i år var nok ein merkedag for Hødd Innebandy – då dei med det nye skalerbare vantet på plass organiserte sine første eigne kampar i Ulsteinhallen – med både eigne og besøkande lag i aksjon.
– Det er ein historisk dag for oss – og vi set stor pris på at vi fekk det til. Godt hjelpte av at vi har med 13–14 uvurderlege frivillige – som gjer det mogleg. Det er utruleg kjekt å endeleg kunne arrangere noko slikt sjølve, seier John Vartdal, styreleiar i Hødd Innebandy.
Frå 6 til 12 år
I alt tre klubbar med utøvarar i alderen 6 til 12 år var representerte i Ulsteinhallen. Hødd stilte med to aldersinndelte lag. Også Ørsta stilte med to og Jølster med eitt lag. På tribunane var både familie og vener på plass for å heie fram laga.
– Desse kampane er mest av alt for treninga si skuld – og for at borna skal ha det kjekt. Ein byrjar ikkje å telje målpoeng før ein er over 12 år, fortel Vartdal.
Barnegruppa i Hødd Innebandy har i skrivande stund 40 medlemmer – medan vaksengruppa tel rundt 30 medlemmer. Nokre av desse er under 20 år – men ikkje mange nok.
– Vi håper naturlegvis å kunne stille ungdomslag etter kvart – men først treng vi fleire medlemmer. Den som les dette og kan tenkje seg å prøve det ut – er naturlegvis hjarteleg velkomen til det, seier John Vartdal.
– Veldig gøy!
To av borna som var i sving søndag var Hødd-spelarane Sofie Bjerkvik Vik og Tuva Mathea Tokheim.
– Dette er kjempekjekt – og det er fint at vi endeleg får ha kampar på heimebane. Det er veldig gøy, sa niåringane til Vikebladet Vestposten.