Rykta hadde gått i fleire dagar før årsmøtet i IL Hødd Fotball torsdag. Om uro rundt styreleiaren sin posisjon, moglege benkeforslag, utsettingsforslag og om mange innmeldingar i forkant av møtet.

Det var også tydleg at Hødd tok høgde for at oppmøtet kunne bli betydeleg. I storsalen på Høddvollhuset fylte stolane størsteparten av golvet.

Totalt var det plass til nærare lag hundre tilhøyrarar til årets årsmøte, og sjølv om det ikkje var fullt så mange som møtte, så må ein nok ein del år tilbake for å finne siste møte med så mange deltakarar.

Det kom også tidleg teikn på at uro rundt klubben kunne kome til overflata under årsmøtet. Før gjennomgangen av årsmeldingane bad Severin Myklebust om at det skulle bli sett av tid til ei pause før ein skulle inn på val. Der ønskte han ei orientering og høve til å stille spørsmål om både sportslege og administrative spørsmål som har vore tatt opp både i media og lokalsamfunnet den siste tida. Myklebust ønskte også at denne seansen skulle gå utan media til stades.

Sjølve årsmeldingane vart det ikkje dei store diskusjonane om, men etter styret si årsmelding kom det innspel frå fleire der ein spesielt la vekt på eit ønskje om auka openheit frå klubben.

Overårige juniorar i fokus

Så kom ”pausen” som vart bedt om tidlegare i møtet, og det var først her, under diskusjonen som vart leia av ordstyrar Einar Warholm, at det blei noko temperatur i festsalen på Høddvoll.

Her handla det aller meste om dei fem spelarane som vart signert som overårige rekruttar. Styreleiar Håvard Haanes, som er far til to av dei aktuelle spelarane, sa seg tidleg ugild i denne diskusjonen, og spurte om årsmøtet ønskte at han skulle forlate salen. Det gjorde dei ikkje og diskusjonen kunne fortsette.

Det var i hovudsak to punkt, om den økonomiske kompensasjonen til dei aktuelle spelarane, samt om prosessen som har ført fram til at spelarane fekk kontrakt, som vart tema for diskusjonen.

Mellom anna ville Vinjar Vikanes vite kvifor Hødd vel å betale desse spelarane 4–5000 kroner i månaden, og om slike kontraktar er noko ein kan vente seg for overårige juniorar kvart år.

André Skotheim, som inntil nyleg har fungert som sportssjef i André Nevstad sitt sjukefråvær, er den som har hatt mest å gjere med den nye modellen, og var også den som i hovudsak måtte svare på kritikken.

– Det er mange som slit med å ta det siste steget frå junior- til A-laget. Det blir eit vegskilje etter vidaregåande, og vi har truleg mista unge, gode spelarar fordi vi ikkje har klart å gje dei eit tilbod etter rekruttlaget. Eg trur ingen er ueinige i at vi ønskjer å få fram fleire unge og eigne spelarar, men det krev at vi legg forholda til rette. Vi ønskjer ikkje å avskilte 18 og 19-åringar, men vil i staden gje minimumskontraktar til spelarar som vi på sikt trur kan bli A-lagsspelarar, sa Skotheim.

Han slo også fast at dei overårige juniorane ikkje skal stå i vegen for yngre spelarar som har kome lenger i utviklinga.

– Kjem dei ein 99’ar eller 00’ar som Sindre (Eid) vurderer som A-materiale så skal han ta dei opp. Dette handlar om å i større grad ta vare på dei som går ut som sisteårsjuniorar i Hødd.

Avhengige av økonomi

Skotheim fekk mellom anna støtte frå Torbjørn Kallevåg. Spelaren som frå nyttår er klar for FK Haugesund meiner Hødd gjer eit smart val med å i større grad ta vare på dei som ikkje går rett over på A-kontrakt etter junioralder.

– Eg har vore i same situasjonen. Som fotballspelar er ein avhengig av økonomi for å kunne satse. Eg var så heldig at Vard Haugesund rykte opp til Obosligaen og at alle måtte ha proffkontrakt. Dermed kunne eg få må første løn på 4000 kroner. Skal ein satse så er ein nøydde til å få ei viss betaling, og gevinsten ved å gjere dette vil truleg vere at ein lett tener inn att desse pengane i løpet av dei ti neste åra, sa Kallevåg til kveldens høgaste applaus.

Også Gro Lise Rise meiner den nye modellen er heilt nødvendig for Hødd, og ho uttrykte glede over at det endeleg ser ut til å vere litt handlekraft i klubben.

– Manglande handlekraft har vore ein frustrasjon for meg i mange år. No er det endeleg det, og ein kan vere einig eller ikkje, men dette er musikk i mine øyrer.

Både Arnfinn Ingjerd og Vinjar Vikanes gav uttrykk for at dei ønskte at kontrollkomiteen i Hødd skulle sjå på avtalane som er blitt gjort med 98’arane.

– Alle vi som er her er glade i Hødd. Alle er einige om at modellen med overårige er ein god modell. Det er heilt rett og vart brakt på banen for lenge sidan at ein burde få på plass ein slik modell. Og det er bra at det er handlekraft, men det betyr ikkje at ein bør rette opp gamle feil med nye feil. Det som er saka si kjerne slik eg ser det, er noko som ikkje er blitt sagt her, men som bør seiast. Nemleg at alle på sport har vore ueinige med styret og fungerande sportssjef heile vegen. Ikkje i at det skulle vere ein modell, men ueinige i kven det skulle vere og ueinige i at det nødvendigvis måtte vere pengar, fortalde Ingjerd.

- Dramatisk

Hans innlegg var dei som fekk dei tydlegaste reaksjonane frå årsmøtet, og fleire viste klart at dei var lite imponerte i framstillingane til Ingjerd, som hadde meir å kome med.

– Når det kjem til styrebehandlinga, så gjer styret eit vedtak som tek denne modellen litt vidare. Ca. 70 prosent. Etter styrevedtaket går deler av styret vidare og innfører noko som styret ikkje har vedteke. Og deler av styret det er altså dei to som har tatt ordet her. Og har dei då forankring til å gjere det dei gjer? Som også omfattar pengar, som også omfattar eigne barn. har dei mandat til det? Det er det eg meiner kontrollkomiteen bør sjå på. For dette handlar om pengar og at ein går utover styret sitt vedtak når det gjeld pengar er ganske dramatisk. Sidan ein no endeleg har blitt ein open klubb, så synest eg det er naturleg at kontrollkomiteen ser gjennom saka og anten kan sette meg på plass, eller deler av styret på plass. Det er saka si kjerne, meinte Ingjerd.

- Den kontrollen ønskjer eg velkomen, men då ønskjer eg også at ein skal gå gjennom absolutt alle kontrakter som er inngått i 2017. Det er ingen grunn til å berre sjå på desse kontraktane. Det er inngått fleire kontraktar der det kan finnast kritikkverdige forhold, dersom det er slik vi skal halde på her i klubben, svara André Skotheim.

Følgde innstillinga

På førehand har det blitt snakka om moglegheita for at nokon ville stille ein alternativ kandidat til styrevervet i IL Hødd Fotball, men då Arve Løset frå valstyret fekk ordet var det ingen andre kandidatar som melde seg. Dermed vart Håvard Haanes valt som leiar for eit nytt år, medan Jogeir Romestrand vart valt for to nye år. Per Ivar Roald hadde på førehand takka nei til ei ny periode, og Tommy Walaunet vart valt inn som ny i fotballstyret. Dei andre medlemmane, Erika Skarbø, André Skotheim og Anne Holstad, var ikkje på val denne gongen.

Det kom godt med folk til årsmøtet i IL Hødd Fotball torsdag.
Arnfinn Ingjerd var tydleg kritisk til prosessen rundt modellen med overårige juniorspelarar i Hødd.