Seint måndag kveld går påmeldingsfristen for Grendacupen ut og arrangørane melder måndag ettermiddag om solid påmelding til årets turnering.

13.30 melder Hareid IL på Facebook at det har kome inn totalt 26 lag, men det er likevel tynt i to av klassene.

Det gjeld dameklassa og ungdomsklassa for jenter. Der er det framleis berre to påmelde lag i kvar klasse.

I ungdomsklassa for gutar har det kome inn seks påmeldingar, medan ein er oppe i 16 lag i herreklassa.

Med 26 lag påmeldt totalt byrjar Møremegling Grendacupen 2023 å nærme seg fjorårets påmelding, då det totalt var med 29 lag, men då var det med fem lag i dameklassa.