Mykje har skjedd på løpsfronten i helga.

Under Gloppen halvmaraton på Sandane sprang to frå Hareidlandet under 1.20!

Jan Endre Rise frå Hareid IL fekk tida 1.19,41, og tok dermed også sølv i klassen 45-49 år i det som var eit svært sterkt felt.

Jan Endre Rise tok andreplassen i klasse 45–49 år. Foto: Hareid IL

Jan Endre sprang med dette under 1.20 for tredje gong i karrieren og for første gong på Sandane.

Ein som kom under 1.20 for første gong var Peter Vattøy Nygjerde frå Ulstein, som representerte Hareidlandet Triatlon. Han fekk tida 1.19,39 og vart dermed nummer 11 totalt. Det er ikkje mange år sidan ei slik tid ville ha halde til ei topp tre-plassering. Men nivået i år var skyhøgt til å vere eit mosjonistløp.

Henrik Hareide Holstad tok tredjeplass i si klasse under Trondheim skogsmaraton. Foto: Andreas Bjerknes/Arkiv

Det må også nemnast at Henrik Hareide Holstad frå Hareid IL har levert varene i Trondheim, der han bur for tida.

Det er sjølvsagt vanskeleg å samanlikne skogsløp med vanlege løp, men i alle tilfelle kom Henrik på 3. plass i sin klasse og 12. plass totalt i Trondheim skogsmaraton (21 km)! Han fekk ei tid på 1.23-talet i ei løype prega av både mykje stigning og mykje gjørme, i tillegg til hagl og snøstorm (!). Sjølv seier Henrik at dette truleg er hans beste løp sidan han starta å konkurrere i 2020.

Resultat frå Gloppen halvmaraton

Om ein vil sjå endå lenger ned på lista kan det nemnast at også fleire frå Hareidlandet deltok på Sandane. Silje Kulen frå Ulsteinvik vart nummer tre i sin klasse (23-34 år) med tida 1.34,40. Ifølgje Strava var det ikkje pers, men ho var likevel godt nøgd. Einar Orten Trovåg frå Hareid IL var langt, langt unna pers, og var ifølgje seg sjølv først og fremst med til Sandane som sjåfør for dei som skulle under 1,20. Men tida 1.30,25 var nesten åtte minutt betre enn han hadde i Nordvest Maraton i august.

Ref. Hareid IL