Takk vere at også Ull/Kisa tapte sin kamp er Hødd framleis over nedrykksstreken i Obosligaen etter 2-0-tapet for Jerv på Høddvoll søndag.

Men nedrykksspøkelset kom likevel nærare – ettersom Hødd no har to svært vanskelege bortekampar i vente: Først mot Sandefjord, deretter mot Bryne. 23. oktober spelar Hødd årets siste heimekamp – mot Strømmen – og så avsluttar dei blåkvite borte mot Sandnes Ulf.

Hødd-back Hatakka pådrog seg tidleg to gule kort - og dermed raudt - og Hødd måtte spele ein og ein halv omgang med ti mann. Det prega kampen.

Jerv tok leiinga 1-0 etter 29 minutt. Jerv-spelaren med nr 89 på ryggen, Tonny Brochmann Christiansen, skora frå kort hald etter at dei blå-gule hadde spelt seg gjennom Hødd sitt midtforsvar. I det 53. minutt sette Eirik Haugstad inn 2-0 – og i perioden etter denne skoringa kunne Jerv fort ha skora både to og tre mål til.

Jerv skapte over 10 gode målsjansar, medan Hødd kunne telje sine sjansar på ei  hand. Nærast var laget då Shroot skaut i tverrliggaren og ned i det 72. minutt.

Hødd bytta ut Sjølstad med Mensah etter pause - og sette inn Sereba for Beite eit kvarter ut i 2. omgang. I siste del av 2. omgang var Hødd bra frampå, særleg dei gongene Sereba fekk ballen.

Men laget sin bestemann var som så mange gonger før keeper Jan Lennart Urke.

Publikumstal denne gongen: 1746 inkl. alle selde sesongkort.

Runderesultat:

Strømmen-Ull/Kisa 2-1, KBK-Mjøndalen 0-2, Sandnes Ulf-Raufoss 3-0, Hødd-Jerv 0-2, Ranheim-KFUM Oslo 2-0, Bryne-Åsane 3-0, KIL-Levanger 1-2 (Sandefjord-Fredrikstad mandag).

Tabell:

1Kristiansund2654
2Jerv2649
3Sandefjord Fotball2547
4Sandnes Ulf2645
5Kongsvinger2642
6Mjøndalen2642
7Strømmen2641
8Levanger2638
9Åsane2631
10Fredrikstad2531
11Ranheim TF2631
12Hødd2629
13Ullensaker/Kisa2628
14KFUM2623
15Bryne2623
16Raufoss2618

Fire lag rykker ned. Hødd si hovudoppgåva synest å vere å halde Ull/Kisa bak seg. I og med at Hødd har mykje svakare målforskjell, må dei ta like mange poeng som Ull/Kisa i dei fire siste kampane. Dei to laga har denne avslutninga:

Ull/Kisa: KBK heime, Sandnes Ulf borte, Ranheim heime, Kongsvinger borte.

Hødd: Sandefjord borte, Bryne borte, Strømmen heime, Sandnes Ulf borte.

Som tabellen viser kan også Åsane, FFK og Ranheim bli dregne inn i nedrykksstriden. KFUM, Bryne og Raufoss rykker sannsynlegvis ned, men kven dreg dei med seg til ein spissa 2.-divisjon?