Hødd har fått ein tung sesong, og står framleis berre med to poeng. Etter tre 2-1 tap på rad vart det 3-1 tap heime mot Molde sundag. Til felles har alle kampane at det har vore tette duellar mot lag som kjempar i toppen av avdelinga.

Sundag var det lenge ein sjansefattig kamp på Høddvoll, og det var faktisk heimelaget som skapte mest framom mål, medan Molde hadde meir av banespelet.

Anna Nerland Aahjem fekk ei god avslutningsmoglegheit blokkert til corner etter ti minutt, medan Anna Nygård Thunem avslutta like utanfor frå liknande posisjon ei stund seinare.

Men det var Molde som skulle ta leiinga, og det på ein situasjon der Hødd-leiren meinte dommar burde ha blese av for offside. Det vart ikkje gjort, og sjølv om keeper Ingvild Auflem Vik hindra det første forsøket, så hadde ho ikkje sjanse på returen frå Kristin Sporsheim.

Med berre eitt mål å ta inn ved pause hadde Hødd alle moglegheiter på veg inn i den andre omgangen, men heimelaget var svært uheldige kvarteret ut i omgangen då eit innlegg frå høgresida gjekk via ein Hødd-spelar og inn i eige mål. Dermed vart oppoverbakken mot poeng plutseleg mykje brattare.

Det såg ein også på nokre av spelarane, som kanskje ikkje hadde heilt trua, men den fekk seg eit solid løft då Ellen Nerland Aahjem vart spelt i bakrom etter 74 minutt. Ho chippa ballen elegant over keeper til 1-2 og gav dermed Hødd igjen håp om poeng.

Og heimelaget prøvde å mønstre ein sluttspurt, men gav også vekk meir rom bakover i bana, noko som vart utnytta av Molde-spelar Hanna Lyche. Ho leverte ei vakker scoring då ho såg at keeper var på halvdistanse og la ballen i ein boge inn i det lengste hjørnet.

Då hadde ikkje Hødd så mykje meir å stille med og Molde tok dei tre poenga frå Høddvoll

Kampfakta:

Hødd - Molde 1 - 3 (0-1)

Høddvoll, Ca 80 tilskodarar

Hødd: Ingvild Auflem Vik - Nina Kristin Flem, Susann Kragset, Karoline Brandal Dahl, Merethe Molvær Terøy - Anna Nerland Aahjem, Hanna Rekdal, Therese Holstad, Marte Aarsand Vik, Ellen Nerland Aahjem - Anna Nygård Thunem.

Innbytarar: Andrine Nevstad, Cecilia Bakke, Madelen Gustavsen.