Hødd melder på sine nettsider at 17 år gamle Vilde Hasund er klar for Toppserieklubben Røa i Oslo. Ho skal vere speleklar allereie denne helga, då Røa speler mot Kolbotn.

Hasund tok turen til Hødd i 2012, då ho kom frå Åheim IL. Ho har vore ein viktig spelar for Hødd sitt damelag så langt denne sesongen der ho mellom anna har scora ni mål for Hødd.

- Ho har heile tida hatt ein søken om å bli betre som fotballspelar, har vore pliktoppfyllande, jobba knallhardt på trening og har aldri vore vekke frå ei trening, seier Ole Per Kragset til hodd.no.

Vilde Hasund er den andre Hødd-spelaren som har teke steget opp i høgare divisjonar den siste tida. Også Ragnhild Ertesvåg har forlete klubben til fordel for Sandviken i Bergen.