Tysdag vart årets finale av Skulecupen i friidrett arrangert på Molde stadion. Der var det mange lokale utøvarar som markerte seg, og til slutt stakk Ulstein Ungdomsskule av med samanlagtsigeren i ungdomsskuleklassa med 73 poeng, 12 framom Tingvoll.

Det var likevel ikkje berre Ulstein-elevane som gjorde det godt. Kevin Olai Svarstad Wingsternes frå Hareid ungdomsskule leverte ei rekkje flotte prestasjonar og vann både 60 meter, 600 meter og lengde for 10-klassingane. I kule tok han andreplassen. August Brandal frå Hareid tok andreplassen på 60 meter. Ei sterk øving for Hareid.

I klassen for 9.-klassingar leverte Jonas André Ose sterkt både i lengde og på 60 meter. Lengde vann han med 5,36, medan det vart siger etter 7,46 på 60 meter. Mats Fredriksen, Iver Ødegård og Eivind Andreas Teige Grov tok andre, tredje, og fjerdeplassen på 600 meter.

Blant jentene vart det også nokre flotte prestasjonar. Iselin Chemmai Sundgot tok tredjeplassen totalt på 600 meter, etter å ha vunne sitt heat, medan Serine Ringstad kom på tredjeplass på 60 meter. Ringstad gjekk ein plass opp på pallen under lengdekonkurransen med eit hopp på 4,29.

Anna Kleven og Malene Skaar Berg tok andre og tredjeplassen i 60 meter-finalen for 9.-klassejentene. Kleven vann også lengdekonkurransen framom Kornelia Roppen, medan Skaar Berg tok fjerdeplassen. Siger blei det også på 600 meter, der Synne Håheim kom først i mål.

Hasund skule var også representert i Molde. 6.-klassingen Andrea Skaar Berg tok to andreplassar, på 60 og 600 meter, medan Sigrid Warholm gjekk til topps på 60 meter for sjuandeklassingane.

Jonas André Ose kom frå finalen i skulecupen med siger på 60 meter og i lengde. Her frå semifinalen i Ulsteinhallen.