Ein diamantformasjon betyr grovt sett å droppe ordinære vingar og spele med ein defensiv midtbanespelar, to indreløparar og ein offensiv midtbanespelar – bak to spissar. Etter å ha slite offensivt i vinter valde Hødd å teste denne formasjonen borte mot Sogndal sist helg. Det fungerte godt. Hødd slo Tippeliga-laget 1–0 etter scoring av Espen Standal. Ørstingen har lenge gitt uttrykk for at han ønskjer å vere ein av to spissar.

Positiv Standal

– Det er jo opp til trenarane å bestemme kva vi gjer vidare. Eg vil ikkje at dei skal gi opp formasjonen vi har brukt tidlegare heller (4-2-3-1). Men kanskje vi har blitt for låst til den. I ein diamantformasjon står vi lett friare, samtidig som spelarane jobbar tettare saman på bana. Sogndal er eit bra lag, og vi skapte fleire sjansar på dei. Møter vi eit svakare lag er det grunn til å tru at vi skal skape endå meir, seier Standal til Vikebladet Vestposten etter internkampen på Høddvoll onsdag.

Mot Sogndal starta Standal på topp i tospann med Joachim Magnussen. Men han vart skadd. Så onsdag vart Robin Hjelmeseth spelt inn som spissmakker.

– Årsbeste defensivt

Midtbanekvartetten mot Sogndal bestod av Fredrik Aursnes (defensiv), Eirik Ulland Andersen (offensiv), Andreas Rekdal og Vegard Heltne. Det betyr at sistnemnde fekk ei rolle meir sentralt inne i bana enn han er vand med.

– Eg synest eigentleg det gjekk veldig bra å spele indreløpar. Eg fekk vere meir involvert i spelet enn vanleg. Det passar meg. Også for laget sin del fungerte diamantformasjonen. Dette var den kampen så langt i år vi har stått best defensivt. Og offensivt skapte vi fire-fem sjansar mot eit godt lag. Vi fekk også til mykje bra klikk-klakkfotball, seier Heltne.

– Bør de halde fram med diamantformasjonen?

– Klart, det er vanskeleg å konkludere etter éin kamp. Uansett er det viktig å ha fleire strenger å spele på. Ein veldig bra plan B er det i alle fall. Det blir spennande å sjå korleis vi går ut mot Træff.

Søndagens generalprøve går klokka 16.00 på Haddal IL stadion. Følg kampen live på vikebladet.no.

Sogndal er eit bra lag, og vi skapte fleire sjansar på dei. Møter vi eit svakare lag er det grunn til å tru at vi skal skape endå meir, seier Espen Standal. Foto: JHD.
- Dette var den kampen så langt i år vi har stått best defensivt, seier Vegard Heltne om Sogndal-kampen.