- Vi opplever kraftig etterspurnad etter våre tilbud, og vi har etter berre to veker i drift fått fleire vaksne medlemmar og ungdomsmedlemmar frå Volda, Fosnavåg, Hareid, Hjørungavåg og Ulsteinvik, seier Petter Faye Rundereim, som er dagleg leiar og hovudinstruktør i Varg Kampsport og Fitness.
Til Vikebladet Vestposten fortel han at målsetninga til klubben er å avstigmatisere kampsport.
- Vi vil skape eit samfunnsnyttig konsept via kjønnsdelte sjølvforsvarsseminar, haldningskampanjar, samlingspunkt for både trening og sosiale arrangement, samt utvide klubben vidare frå kampsport til ikkje-konkurrerande fritidstilbod.
- På tide med meir breidde
Petter Faye Rundereim meiner at ballidrett får for stor merksemd i regionen.
- Det har gjerne ein tendens til å skuggeleggje andre flotte og ikkje minst billigare tilbod. Det er på tide å få meir breidde blant gode og gjennomførte tilbod på Søre Sunnmøre. Vi jobbar aktivt for å etablere gode tilknytingar til både næringsliv og kommune for å realisere våre ambisjonar.
Rundereim fortel at responsen så langt har vore svært bra.
- Ja, det er det inga tvil om. Tilbakemeldingane har vore utelukkande positive.
Varg Kampsport og Fitness vil i første omgang køyre vidare på å ha treningar tysdag, onsdag og torsdag.