Ein sjansefattig første omgang blei til fire mål i andre omgang. Hødd var heldige og effektive mot slutten, og det var midtbanegeneral Torbjørn Kallevåg som skulle ordne poengdeling borte i Vennesla, på overtid. Hødd-trenar Sindre Eid meiner kampbiletet i oppgjeret borte på Moseidmoen gress blei særs utfordrande.

- Vi reiste ned for å vinne. Eg føler vi hadde bra kontroll på kampen fram til då Jalle (Jan-Lennart Urke) blei vist ut. Det var ekstremt varmt, med 25-26 grader i skuggen, og det viste igjen på spelarane. Det var knalltøffe forhold. Så fekk vi som sagt Jalle utvist, noko som endra kampbiletet. Vi snakka saman i pausen, og blei einige om å kjempe på. Vi ofra nok litt ved å vere ekstra på framover, og vi køyrde backane våre høgt opp i bana. Ein periode gjekk vi i angrep med seks spelarar. Men så fekk vi både ein og to baklengs, og det blei veldig vanskeleg, seier Eid.

For etter 51 minutt banka Kim Kvaalen ballen i mål til 1-0, og berre sju minutt før ordinær tid sette Øyvind Gausdal inn 2-0.

- At vi då kom tilbake igjen og sikra oss eit særs viktig poeng er eg ekstremt fornøgd med. Dette var samstundes ei viktig oppleving for spelarane. Om ein trur hardt nok kan ein klare slikt som dette, sjølv om ein gjer det heilt på tampen av kampen, seier Eid.

For fem minutt før slutt blei Badr Rahhaoui spelt flott gjennom av innbytar Andreas Breimyr, og kunne enkelt sette ballen forbi Vindbjart-keeperen til 2-1. Eitt minutt på overtid fekk Steffen Moltu ballen inne i feltet til Vindbjart, og blei riven ned av ein forsvarar. Dommaren peika på kritmerket, og blas for straffespark. Toppscorar for Hødd, Torbjørn Kallevåg, sette inn 2-2 og sikra poengdeling.

- Det var ikkje raudt

På telefon frå spelarbussen på veg til flyplassen svara Hødd-keeper Jan-Lennart Urke på kvifor han blei vist av bana etter 40 minutt.

Urke dytta ifølgje dommaren ein Vindbjart-spelar inne i eige felt. Hendinga skjedde etter at spelet var stoppa, så det blei inga straffe for heimelaget. I staden måtte Hødd, i kvite drakter i denne kampen, spele resten av oppgjeret med ti mann på bana.

- Dette var forferdeleg surt, og sjølvsagt skal ikkje dette skje, seier Urke til Vikebladet Vestposten.

Sisteskansen forklarte situasjonen som gav han raudt kort slik:

- Eg får ein mann innpå meg på eit hjørnespark, og då eg skal ut i feltet for å ta ballen held spelaren meg igjen. Det blir utspel for oss, men på veg tilbake oppsøkjer han meg. Det blei til ein skulder-mot-skulder-situasjon, der han dulta meg og eg dulta han, der han så la seg ned. Eg var nok litt heit i toppen, men aldri i verda om det var eit raudt kort. Han hjelpte godt til, seier Urke.

Hødd-trenar Sindre Eid fortel at han ikkje såg situasjonen, men fortel at det blei protestert på avgjersla frå lagkameratane som såg situasjonen.

- Dette blei ein veldig tøff bortekamp som tok på for spelargruppa. Vi hadde eit mål om tre poeng, slik blei det beklagelegvis ikkje, men vi tek med oss det eine heim. No skal vi jobbe på for å slå sterkare tilbake mot Byåsen neste helg heime på Høddvoll.

- Viktig poeng

Hødd-sisteskansen meiner poenget i Vennesla var viktig.

- Ja, absolutt. Både for tabellsituasjonen og for gruppementaliteten. Det var utruleg godt å sjå at karane rodde i land eit poeng, ein god jobb av dei.

Så spørst det kor lenge Urke må sone for sitt raude kort.

- Eg håper sjølvsagt på berre ein kamp. Eg snakka litt med dommaren etter kampen og forklarte situasjonen. Han fortalde at han rekna hendinga som slag, men det kan eg ikkje forstå. Eg håper han er snill i rapporten, seier Jan-Lennart Urke.

Kampfakta

PostNord-ligaen avdeling 2

Vindbjart – Hødd 2-2 (0-0)

Moseidmoen gress

Tilskodarar: 423

Dommar: Jon Romund Håversen, Gimletroll, IK-Fotball

Mål: 1-0 Kim Kvaalen (51), 2-0 Øyvind Gausdal (83), 2-1 Badr Rahhaoui (85), 2-2 Torbjørn Kallevåg (Str. 90+1)

Gule kort: Alain Delgado, Adam Pytel (Vindbjart), Martin Mork Breivik (Hødd)

Raudt kort: Jan-Lennart Urke (Hødd)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Preben Sætre - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise - Didrik Sereba (A. Breimyr, 68), Magnus Myklebust (Alme, 41), Badr Rahhaoui

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Eirik Haugan, Eirik Saunes, Andreas Breimyr