Etter 24 minutt, på stillinga 1-1, trudde "alle" Heltne skulle sende Hødd opp i leiinga. Robin Shroot avslutta først i stonga. Heltne kom på returen og skulle i utgangspunktet ha ei grei oppgåve med å banke ballen i mål. Men nei. Skotet gjekk utanfor.

- Det var eg sikker på scoring. Både eg og Robin (Shroot) hadde store sjansar som burde gitt mål i dag. Men vi var ikkje dyktige nok framfor mål denne kampen, seier Heltne til Vikebladet Vestposten like etter kampslutt.

- Ikkje frispark

Medan Hødd scora på éin av åtte kvalifiserte sjansar denne kvelden, sette serieleiar Sandefjord fire av seks. Og fleire av måla til Sandefjord var av det lettkjøpte slaget. Kjell Rune Sellin fekk fritt spelerom til å setje inn 1-0. 2-1 kom på eit frispark frå nærare 40 meter som Aslak Falch burde ha redda. Den elles så solide sisteskansen kunne også ha gjort ein betre jobb på 3-1, men fekk heller ikkje mykje hjelp frå forsvaret då Pål Kirkvold spaserte ballen i mål. Og det siste målet kom på straffespark.

- Frisparket dei scora på skulle aldri ha vore frispark. Og det siste målet kom som ein konsekvens av at vi satsa offensivt for å få ei redusering. Men 1-0-målet er av typen vi har hatt altfor mange i år, der vi blir straffa i bakrommet, seier Vegard Heltne.

- Ikkje kampplanen

Sjølv om Hødd tapte 4-1 spelte dei altså mykje god fotball på Høddvoll denne kvelden. Spesielt utover i 1. omgang og i 2. omgang fram til 3-1-målet skapte Hødd mykje.

- Det var eigentleg ikkje kampplanen, men sidan vi fekk eitt i trynet tidleg satsa vi på å presse dei hardt. Vi skapte mykje i dag. Men det er typisk at eit lag som Sandefjord, som er i flyten og ikkje har tapt sidan april, er så effektive som dei er i dag. Dei har kvalitetsspelarar heilt framme og heilt bak. Elles synest eg vi matcha dei bra, vurderer Vegard Heltne.

- Ein OK prestasjon

Og får støtte av Hødd-kaptein Jesper Törnqvist.

- Prestasjonen vår i dag er heilt OK og tidvis ganske bra. Dessverre fekk vi tre forferdelege mål imot. Hadde vi fått 2-2-målet vi fortente trur eg vi hadde tatt dei. Men dessverre fekk Sandefjord 3-1. Det er typisk at eit lag i flytsona er så effektive, meiner midtstopparen.

Som må ta sin del av skulda for Sandefjord sitt 1-0-mål. Törnqvist klarte ikkje å følgje ex-høddaren Kjell Rune Sellin, som fekk kom åleine mot Aslak Falch og score. Men det skal også seiast at Lars Iver Strand, som slo den målgjevande pasninga, ikkje vart pressa i det heile.

Kampreferat.