- Eg er godt nøgd med talet på mål eg har i 3.-divisjon. I det siste har eg også fått meir speletid på a-laget. Og jobbar for å få spele endå meir, seier Hjelmeseth på telefon frå Ålesund etter kampen.

SIF tok leiinga

Hjelmeseth står no med 17 mål i 3.-divisjon. Det 14. kom etter 33 minutt på Siffen i dag. Målet utlikna SIF si 1-0-leiing. Etter Hjelmeseth sitt mål la Espen Standal på til 2-1 og deretter Sondre Beite til 3-1 før pause. Ni minutt ut i 2. omgang la innbytar Franjo Tepuric på til 4-1. Veteran og tidlegare Hødd-spiss Nils Ottar "Otto" Sandø reduserte til 4-2 21 minutt før slutt. Men så scora Robin Hjelmeseth ekte hattrick i løpet av 11 minutt, før Bendik Rise avslutta målfesten med sitt 8-2-mål.

- Ikkje årsbeste

- Vi opna kampen bra, men var både uheldige og udyktige som kom under 1-0. Vi heldt fram med å trykke dei tilbake. Og med tre mål kort tid før pause avgjorde vi på mange måtar kampen. Midt i 2. omgang spelte vi berre midt på treet. Så kom ein periode der vi rett og slett høvla over dei. Vi spelte ein god kamp mot eit godt fysisk SIF-lag. Det er ikkje så mange som scorar åtte mål der ute. Men eg vil heller ikkje seie at det var årsbeste av Hødd 2. Vi spelte nok betre mot Bergsøy borte. Ein skal også hugse at vi nytta mange spelarar frå a-stallen i dag, seier Robin Hjelmeseth.

Perlemål av Franjo

Som ikkje synest at eitt av sine eigne mål var kveldens finaste.

- Nei, det må nok vere Franjo sitt. Espen Standal gjorde eit fint forarbeid før ballen spratt ut til Franjo, som på volley sende den i krysset med venstrefoten, roser firemålsscoraren.

Kampfakta3.-divisjon avdeling 8, runde 16Skarbøvik IF - Hødd 2.-lag 2-8 (1-3)SiffenTilskodarar: 40Mål: 1-0 Honningsvåg (25), 1-1 Hjelmeseth (33), 1-2 Standal (36), 1-3 Beite (44), 1-4 Tepuric (54), 2-4 Sandø (69), 2-5 Hjelmeseth (77), 2-6 Hjelmeseth (85), 2-7 Hjelmeseth (88), 2-8 Rise (90)Dommar: Even Myrheim, EmblemGult kort: Breivik (Hødd)Raudt kort: Gjerde (SIF, 89)Hødd: Jan-Lennart Urke, Pål. H. Skeide, Audun K. Øvrelid, Mathias H. Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal (Franjo Tepuric 46), Andreas Rekdal (Vegard Heltne 46), Martin Mork Breivik, Henrik Grimstad, Espen Standal, Robin Hjelmeseth, Sondre Beite (Bendik Rise 74)*** Robin Hjelmeseth** Espen Standal* Henrik Grimstad

PS. I ein annan 3.-divisjonskamp i kveld vann Sogndal II 7-1 borte mot LGFK. Tabellen.