Han sette punktum med å slette Quincy Douglas sin 17 år gamle norske rekord på 400 meter, men det var berre eitt av dei mindre høgdepunkta i ein fantastisk sesong for Karsten Warholm.
<strong>Avslappa:</strong> Etter ein lang og innhaldsrik sesong var det godt for Karsten Warholm å kunne slappe av litt heime i Ulsteinvik. 20-åringen har det siste året hatt hovudbase i Oslo, der han blir trena av Leif Olav Alnes. Warholm meiner 2016-sesongen, hans første reine seniorsesong, gjekk over all forventning, men for Dimna-utøvaren er det truleg mykje meir i vente. Allereie neste sommar står VM i London for tur. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.