Dimna IL veks og veks. No ser idrettslaget seg nøydde til å sette på pauseknappen ei lita stund. Den store aktiviteten fører nemleg til at ein må ha fleire trenarar før ein kan ta imot fleire utøvarar.

Difor har Dimna IL bestemt seg for å innføre ein midlertidig inntaksstopp i alle sine grupper.

– Vi har jobba målretta og har fått på plass mange fleire trenarar og hjelpetrenarar enn vi var for fem år sidan. Samstundes er det ikkje berre enkelt å få på plass fire-fem ekstra slik som vi no har behov for. Vi har opplevd ein veldig pågang sidan i haust. No må vi rett og slett vere sikre på at vi klarar å gje eit godt nok tilbod, at vi klarar å sjå alle ungane som er på trening, fortel Trond Berg.

Dimna-leiaren legg til at ein gjerne ønskjer å ta imot fleire utøvarar, men først så må ein ha på plass litt ekstra hjelp.

– Så dersom det er nokre foreldre som kan tenkje seg å bidra, så er dei hjarteleg velkomne. Vi treng fleire for å kunne ta imot fleire, slår Berg fast.

Skulle hatt fleire av Arve Hatløy

Ifølgje Berg er det ikkje slik at det berre er i dei yngste gruppene ein har kapasitetsutfordringar.

– No er det i alle aldersgrupper. Vi har eit bra team rundt dei eldste, men vi har ikkje klart å få tak i fleire Arve Hatløyar. Vi skulle gjerne hatt eit par til av han, fortel Berg.

Det handlar om at Dimna IL har ei rekkje lovande ungdomar som presterer på eit høgt nivå. Då treng dei også oppfølging av dyktige trenarar.

Mange aktive

At friidretten har fått seg eit realt løft er kanskje ikkje så rart. Med ein verdsmeister i klubben så er det naturleg at mange vil prøve seg, men det er ikkje berre ”Karsten-effekten” som har slått til.

– Dette har vart ei god stund. I 2006 hadde vi 15 aktive utøvarar som deltok i nasjonale stemne. No nærmar vi oss 200 som er innom treningane våre. I 2017 har vi hatt 175 som har vore med på øvingar i stemne, anten lokalt eller nasjonalt. Då byrjar det å bli heftig!

Dei siste åra har det fleire gongar blitt arrangert trenarkurs i Ulsteinhallen. Berg fortel at det er eit kontinuerleg arbeid for å få med fleire hjelparar til Dimna IL.

– Men no er det litt inn i tida at vi er veldig flinke til å gå på fjelltoppar og vise at vi er der. Gje gjerne ein fjelltopptur til eit idrettslag. Det kan vi nok oppmode mange om. Du får mykje tilbake og det er mogleg å få til begge deler. Ta gjerne like mange ”snaps” av at du er med på ei trening som at du er på ein fjelltopp. Då blir eg imponert!, lyd utfordringa frå Berg.

Trond Berg er leiar i Dimna IL. Han håpar fleire vil bidra til at Dimna IL kan gje flest mogleg eit godt friidrettstilbod. Foto: Andreas Bjerknes