Hødd melder følgjande på si nettside:

* Magne Krumsvik vil køyre intervju på indre bane, og vi får mellom anna siste nytt frå trenar Sindre Eid 20 minutt før kampen tek til.

* "Barnevenner" eit heilt nytt innslag på Høddvoll, og først ute er G9-laget til Ørsta. I tillegg til å ha ein heil ettermiddag på Høddvoll med mellom anna omvising og trening, skal barnevennene marsjere ut på bana saman med Hødd- og Fredrikstad-spelarane før kampstart.

* Det blir konkurranse i pausen med fine premiar frå kampsponsor Jets. Tre heldige supportarar vil bli trukke ut til å delta i ein skotkonkurranse (presisjon), og får beskjed over høgtalaranlegget rett før pause.