Hødd-spelaren Eirik Franke Saunes trener denne veka med 1.-divisjonsklubben Stabæk, utan at sportssjefen i Hødd uroar seg altfor mykje av den grunn.

Sportssjef Jesper Törnqvist i Hødd fortel at planen er at Franke Saunes er tilbake på Høddvoll mot slutten av veka og at han blir med på treningskampen mot Sogndal komande laurdag.

– Gode spelarar er aktuelle for andre, sånn er det. Han skal vere der ei veke og dei har han der fordi dei synest han er ein god spelar, som dei vil finne ut kor god han er. Det er status no, seier Törnqvist.

Sportssjefen legg til at treningsopphaldet med Stabæk mellom anna handlar om at Franke Saunes får skaffe seg referansar frå ein klubb som spelar på høgare nivå.

– Så får vi sjå kva som kjem ut av det. Vi tek det veldig med ro med tanke på dette. Eg treng ikkje å bekymre meg før det er noko å bekymre meg over. Ting kan sjølvsagt endre seg dersom han gjer det kjempegodt der nede, men vi får berre følgje med og sjå, seier Törnqvist.

Samstundes slår han fast at klubben ønskjer å ha Franke Saunes med også i 2022.

– Ja, det er klart. Alle vi har i stallen ønskjer vi å ha her, men i ein fotballklubb vil alle vere til sals, det er slik det er.

Før 23-åringen signerte ny kontrakt med Hødd, sa Franke Saunes til Vikebladet Vestposten at det hadde vore litt interesse rundt han også då.

– Det har også vore litt interesse no og det er naturleg, men det har ikkje kome noko konkret. No kom moglegheita til å verte litt kjend med Stabæk, samstundes som det passa godt for oss å sleppe han denne veka, så då er han der nede og ser på forholda, seier Törnqvist.

foto
Keeperen Ville Seppä trenar denne veka med Hødd.

Uansett om Eirik Franke Saunes blir verande på Høddvoll eller ikkje, så har Hødd nokre hol i troppen ein ønskjer å fylle. Denne veka har klubben med fleire prøvespelarar.

– Vi har med ein finsk keeper, Ville Seppä, som kom søndag. Han blir fram til søndag. Vi har også med Filip Mardal, opphavleg frå Sandane, men som har spelt for Sogndal. Eivind Helgesen er også tilbake denne veka. Vi held fram med å sjå på det lokale rundt oss, for å skaffe oss eit overblikk på kva som kan vere mogleg der, men vi jobbar også både med den nasjonale og internasjonale marknaden for å sjå kva moglegheiter som finst der, seier sportssjefen.

foto
Eivvind Helgesen og Filip Mardal trener med Hødd. Helgesen var også på Høddvoll sist veke.

Ifølgje Törnqvist blir både Seppä, Mardal og Helgesen med når Hødd spelar treningskamp mot Sogndal til helga.

Bam Carlos Phudithip, som i fjor spelte for 2.-divisjonsklubben Moss, er også tilbake på treningsfeltet på Høddvoll.