Sparebanken Møre og Hareid IL har inngått ny treårig samarbeidsavtale. I tillegg har banken gitt idrettslaget ein lovnad om 1,1 millionar kroner til fotballhall med kunstgras.

– Det er utruleg kjekt for oss å få lov til å samarbeide med Hareid IL igjen, seier Melinda Skeide, banksjef i Sparebanken Møre på Hareid.

– Hareid IL har gjort mange gode grep den siste tida, og står i dag fram som ein svært solid, samansveisa og framtidsretta klubb med høg aktivitet på mange område. Vi ynskjer å vere med på laget, og vil engasjere oss i alle deler av idrettslaget, held Skeide fram.

Nye konkurransedrakter til alle laga

I tillegg til eit betydeleg løft for å få den nye fotballhallen realisert, vil Sparebanken Møre også bidra økonomisk til drifta av idrettslaget. Avtalen medfører også nye konkurransedrakter til alle lag, og ny

– Hareid Idrettslag er svært godt nøgd med at Sparebanken Møre kjem att som hovudsamarbeidspartnar for perioden 2017–2019! Vi er også glade for at avtalen med Sparebanken Møre inneheld lovnad om betydeleg støtte til den nye fotballhallen som Hareid kommune og vi håper vil stå ferdig i 2018. I motsetning til tidlegare, der gruppene i laget har hatt eigne sponsoravtalar, har vi no marknadsført oss som eitt lag; eit breiddeidrettslag med tilbod til «alle». Også overfor andre sponsorar og samarbeidspartar har dette vore vellukka, seier leiar Vegard Gjerde i Hareid Idrettslag.

Meir profesjonell organisering

Idrettslaget har jobba målretta med å samle klubben og få ei meir profesjonell organisering. Anita Waage er no tilsett som dagleg leiar for heile klubben, mot at ho tidlegare arbeidde berre for fotballgruppa. Regnskapsservice Hareid er ansvarleg for rekneskap og fakturering, og ein har også teke i bruk NIF sitt medlemssystem. Husstyret er lagt ned og drifta av klubbhuset er lagt på dagleg leiar og Tor Henning Andersen.

Status som Kvalitetsklubb

– Å bli ein meir profesjonell klubb har vore eit viktig mål for oss, då dette også vil føre til betre tenester til medlemane, og mindre slitasje på ressurspersonane i klubben. Vi har oppnådd status som «Kvalitetsklubb» – eit kvalitetskonsept utvikla av Norges Fotballforbund, og vil halde fram arbeidet med å utvikle oss i samarbeid med Sparebanken Møre, seier Gjerde.

Sping på plass

Fleire idrettslag, organisasjonar og foreiningar i området har tatt i bruk appen Sping. No har også Hareid IL tatt i bruk denne appen, og dei som lastar han ned kan under handballarrangementet søndag handle i kiosken via mobil.– For idrettslaget er det svært greitt å sleppe kontantar, kommenterer Gjerde.