Neste helg er det igjen duka for friidrettsfest i Ulsteinhallen. For andre gong etter opninga av hallen står Dimna IL som arrangørar av innandørs-NM i friidrett, der det er venta om lag 230 utøvarar frå heile landet.

– Vi skulle jo eigentleg vere arrangørar i fjor, men då vart det avlyst, fortel Arnt-Ivar Berg i Dimna IL.

Dermed måtte idrettslaget vente eit år på å få arrangere sitt fjerde store meisterskap etter opninga av Ulsteinhallen, men no byrjar det endeleg å nærme seg NM.

Framleis er det ein del som skal kome på plass før Dimna IL kan ta imot noregseliten i friidrett. Med berre litt over ei veke att til meisterskapen byrjar arbeidet å intensiverast. Denne veka har friidrettsdekket i hallen fått seg ein grundig vask og neste veke byrjar rigginga til NM.

– Over helga er det også ein del opplæring av funksjonærar. Vi har eit funksjonærkorps på om lag 150 personar. Vi har hatt eit ganske stort generasjonsskifte i klubben, som gjer at vi har ein del nye folk, men folk stiller opp, fortel Berg.

Funksjonærkorpset inkluderer også fleire som har bidrege under Dimna sine tidlegare storarrangement i Ulsteinhallen.

– Utan det hadde det ikkje gått, slår Berg fast.

Dimna IL stiller med fem individuelle utøvarar, i tillegg til eit stafettlag i dameklassen. I tillegg har Hareid IL med Borghild Oline Holstad, som skal springe 200 meter under NM.

To av dei som får sjansen til å vise seg fram på heimebane er Kornelia Roppen og Jonas André Ose. Sistnemnde var også med sist det var senior-NM i Ulsteinhallen.

– Sist var eg tre tusendelar frå semifinale, denne gongen er eg kanskje tre tusendelar frå finale, seier Ose.

Han stiller på 60 meter, men har også 200 meter oppe til vurdering.

– Eg føler at det går bra på trening. Eg har trent ein del styrke og dersom eg får ein god start så trur eg det kan gå ganske fort, seier han.

Kornelia Roppen skal også springe 60 meter og stille høgde, men det er i lengdegropa ho satsar hardast. Der tok ho bronse i både senior-NM og UM utandørs sist sesong og har vist svært positiv utvikling dei siste åra.

– Eg er ikkje så oppteken av resultata i anna enn lengde. 60 meter stiller eg i for å kome litt i gang, medan stille høgde er ei litt artig øving.

Korleis er lengdeforma?

– Eg har vore litt usikker sidan det ikkje har vore konkurransar på ei stund, men dei siste dagane har eg fått litt fart og eg trur det kan gå opp mot "pers". No har eg litt trua, seier Roppen.

foto
Dimnakorren: NM-genseren til årets innandørs-NM i Ulsteinhallen er pynta med "Dimnakorrar". Dei hadde også Karsten Warholm på drakta under det første UMet i Ulsteinhallen.

Dessverre får ein ikkje sett Karsten Warholm på heimebane denne gongen. Onsdag stadfesta Kristine Haddal til TV2 at Warholm droppar alle konkurransar innandørs denne sesongen, inkludert NM i Ulsteinhallen. Dette gjer Team Warholm i hovudsak på grunn av den usikre koronasituasjonen.

Det blir likevel mange svært sterke utøvarar som stiller i Ulsteinhallen. På 60 meter kan ein til dømes sjå både Even Meinseth, med far frå Ulsteinvik, og Salum Kashafali. Han er regjerande meister på 100 meter frå både paralympiske leiar og para-VM i friidrett, men stiller i klassa for funksjonsfriske i Ulsteinhallen.

Kulestøytaren Marcus Thomsen, lengehopparane Ingar Kiplesund og Henrik Flåtnes, stavhopparane Lene Retzius og Pål Haugen Lillefosse, stortalentet Andrea Rooth og sprintarane Elisabeth Slettum og Helene Rønningen er blant trekkplastera som dukkar opp under NM, noko som borgar for mange gode friidrettsprestasjonar i Ulsteinhallen.

Denne veka opnar også billettsalet til meisterskapen. Det har tidlegare vore litt usikkert kor mange publikummarar ein kunne sleppe inn, men no er arenakartet klart og billettane blir tilgjengelege frå 09.00 fredag morgon.

– Vi kan merke opp 269 plassar. Det er halve kapasiteten av det vi kan ha på tribunane, fortel Kjersti Kleven, leiar i Dimna IL.

Det kan dermed bli rift om billettane til NM, men trøysta er at det blir mogleg å følgje store deler av meisterskapen på NRK. Det som ikkje blir sendt der blir strøyma av friidrettsforbundet.

Ellen Kvalsund, banksjef for Sparebanken Møre i Ulsteinvik, som er hovudsponsor for Dimna IL og "gullsponsor" for NM, oppmodar dei som kan om å legge turen til Ulsteinhallen.

– Det er noko med å oppleve det sjølv og no er vi utsvoltne på opplevingar. Når det kjem nasjonale meisterskap til Ulsteinvik så må vi stille opp, lage leven og gjere det kjekt for dei som deltek, seier ho.

– Ulsteinhallen er jo også kjend for eit veldig entusiastisk publikum, både frå tidlegare NM, UM og frå Karsten Warholm International. Det har vore veldig god stemning på tribunane og det er noko utøvarane har forventningar til, seier Kjersti Kleven.