Då dukka Inger Anne Dimmen og Mari Ann Vattøy opp ute på Høddvollmatta for å dele ut det som i år er ein av to frivilligprisar i Ulstein kommune.
Tom Vågen fekk ein gåvesjekk på 5000 kroner og ein blomebukett for over 30 år som frivillig i Hødd.
Koo Hoon vart fødd i Seoul, Korea, i august 1972. Denne helga blir han heidra for tretti års frivillig innsats for IL Hødd.
Det takka Vågen for med å synge eit vers av «Sola er god».
På Ulstein frivilligsentral si facebookside går det fram at dei i tillegg skal dele ut ein frivilligpris på den internasjonale frivilligheitsdagen 5. desember.