Kjelsås stilte nok så svekka i angrep i dette oppgjeret, utan sin desiderte toppscorar Walid Idrissi (10 mål i 2018 så langt) på banen. Han sleit med ein skade og vart ikkje klar til den viktige kampen mot Hødd. Hødd-forsvaret fekk dermed lit betre arbeidsvilkår.

Hødd starta omgangen greit, og hadde på vanleg vis ballen mest. Dei fyrste ti minutta var det Hødd som styrte det meste på Grefsen kunstgress.Og, etter 14 minutt skulle det store skje. Steffen Moltu gjekk i kjent stil fint fram i bana, og sendte fram ballen til Preben Sætre, som nesten heilt nede ved dørlinja snudde om og slo inn til Markus Naglestad. Han gjorde ingen feil, og plasserte ballen flott oppe i høgre hjørne. 0-1, fullt fortent

Det skulle ikkje gå meir enn nokre minutt til før Joakim Wrele kunne banke nummer to i målet for Hødd. Etter litt klabb og babb i feltet fekk Wrele fatt i ballen, og banka den i mål med venstrefoten. 0-2 på Grefsen kunstgress, også det målet fullt fortent, etter godt spel av Hødd.

Etter dette var Kjelsås tydeleg interessert i å slå tilbake – men Hødd avverga fleire potensielt store sjansar for heimelaget. Eit solid forsvarsarbeid i den fyrste omgangen av dei blåkvite – som i denne bortekampen stilte med kvite overdelar.

Heimelaget ønskte å slå tilbake

Over i andre omgang verka det til å vere eit skjerpa og meir aggressivt heimelag som ønskte å slå tilbake. Men med eitt einaste tap i serien sidan i august i fjor hadde Hødd naturlegvis ikkje noko ønskje om å misse poeng i denne kampen heller.

Kjelsås hadde ballen mest i starten av omgangen, men Hødd klarte å halde unna for presset frå Oslo-laget. Hødd kom meir med når kampklokka runda 60 minutt, men var betydeleg meir temposvakt no enn i første omgang. Mest truleg med vitande vilje. Etter 67 minutt fekk Magnus Myklebust ballen på femmeteren, men klarte ikkje styre den i mål. Heimelaget fekk avverga til innkast.

Etter 77 minutt fekk Hødd frispark i god posisjon, og ingen ringare enn Bendik Rise stilte seg opp for å ta det. Ballen gjekk fint over muren, men diverre for Hødd - like over tverrliggaren også.

Det blei ikkje fleire mål i kampen mot Kjelsås, og Hødd sikra seg med det ein særs viktig siger og tre nye poeng! Ein god start på det som heilt garantert vil bli ein knalltøff haustsesong i kampen om opprykk.

Kampfakta

PostNord-ligaen avdeling 2

Kjelsås – Hødd 0-2 (0-2)

Grefsen kunstgress

Dommar: Ola Kellerhals – Vaulen IL

Gule kort: Eirik Haugan (Hødd)

Mål: 0-1 Markus Kvame Naglestad (12), 0-2 Joakim Wrele (19)

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Joakim Wrele, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Preben Sætre - Magnus Myklebust, Markus Kvame Naglestad

Innbyte: Jonas Mathiesen, Robin Hjelmeseth, Johannes Sundgot, Peter Hasund, Joachim Osvold