Dei blåkvite kom frå ein imponerande siger borte mot Sogndal 2 førre runde, og fortsette å imponere også i kampen mot eit Aafk 2-lag som allereie er sikra opprykk til 2.divisjon. Kampen enda til slutt 2-1 til heimelaget, eit resultatet som betyr at Hødd 2 fortsatt er i føringa i kampen om 5.plassen, der dei ligg likt med Spjelkavik, men med betre målforskjell.

Fortent siger

Vertane spelte ein særs god fyrste omgang, der dei kom til fleire farlege situasjonar i motstandaren sin 16-meter, samtidig som dei stort sett heldt Aafk 2 frå å skape noko på motsett side. Både Franjo Tepuric og Sondre Beite kom til gode skotmoglegheiter, utan at det resulterte i mål. Det skulle imidlertid losne for duoen like før pause. Tepuric gjorde ein god jobb med å halde på ballen, før han slapp den gjennom til Beite, som med si store fart sprang frå gjestane si forsvarsrekkje og sette ballen iskaldt forbi Sondre Løseth i Aafk 2-buret. Det vart også resultatet til pause.

I andre omgang var det gjestane frå Ålesund sin tur å vere det førande laget, og hadde fleire sjansar til å utlikne. Ikkje før i det 75.minutt skulle det losne for tangotrøyene, og målet kom etter ein god prestasjon av Bendik Mathiesen, som med ein frekk lobb fekk ballen forbi ein utrustande Jan-Lennart Urke i Hødd 2-målet. Heimelaget var likevel ikkje framande for å skape sjansar også i denne omgangen, og hadde nokre gode forsøk som kunne resultert i nettsus. Då alle trudde at kampen skulle ebbe ut i eit uavgjortresultat, fekk Hødd 2 sigersmålet like før slutt. Løseth i Aafk 2-målet såg tilsynelatande ut til å ha kontroll på ballen, men klarte på finurleg vis å miste den. Det enda med at Isak Haanes kunne trille ballen i ope mål frå kort hald. Dermed 2-1, som også vart sluttresultatet.

- Glad på gutane sine vegne

Hødd-trenar Kenneth Moldskred var naturleg nok svært nøgd etter kampslutt.

- I dag er eg umåteleg stolt av laget. Vi gjer ein solid fyrste omgang, og den andre omgangen er også bra, sjølv om vi til tider sprekk litt lagmessig. Uansett er eg særs nøgd med korleis vi framstår, og eg meiner vi vinn fortent, seier Moldskred og legg til:

- Vi spelar med eit lag beståande av mange gute- og juniorspelarar, og i dag viser dei kor gode dei er. Eg er veldig glad på gutane sine vegne.

Kampfakta

3.-divisjon avd.8 runde 25

Hødd 2 – Aafk 2 2-1 (1-0)

Høddvoll kunstgras

Mål: 1-0 Sondre Beite (43), 1-1 Bendik Mathiesen (75), 2-1 Isak Haanes (92).

Dommar: Bjørn Magne Bakkom, Åmdal IL, Ørsta – Fotball.

Gule kort: Isak Haanes (Hødd 2).

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke –  Mathias H. Grimstad, Audun Kåre Øvrelid, Martin Mork Breivik, Isak Haanes – Henrik Grimstad, Daniel Haanes, Bendik Rise – Robin Hjelmeseth, Franjo Tepuric, Sondre Sandnes Beite

*** Audun Kåre Øvrelid

** Bendik Rise

* Isak Haanes