Jonas André Ose frå Dimna IL sette med tida 7,08, ny rekord på 60 meter for gutar 15 år under Sparebanken Møre-leikane. Meisterskapen gjekk føre seg i Ulsteinhallen laurdag. Han oppnådde også ny personleg rekord på 200 meter, med resultatet 22.82.

- Dette er årsbeste for denne aldersklassen, seier Dimna-trenar Arve Hatløy som elles kan melde om mange gode resultat, både frå Dimna-utøvarane og andre deltakarar.

I tillegg til Jonas André Ose trekkjer Hatløy fram 12 år gamle Andrea Skaar Berg som gjorde det svært bra i høgde, ho hoppa 147 cm.

Gabriel Overvåg sprang også ein sterk 60-meter. 13-åringen vart klokka inn på 7.89.

- Ein peikepinn

Sparebanken Møre-leikane er det første innandørsstemnet som vert arrangert etter at utandørssesongen i friidrett er over.

- Resultata under dette stemnet gir ein peikepinn på korleis utøvarane ligg an, om dei har trent nok eller om dei kanskje må jobbe endå hardare, fortel Hatløy. Det er Dimna IL som står som arrangørar og dei har arrangert dette stemnet innandørs sidan Ulsteinhallen stod ferdig i 2015.

Hatløy kan opplyse om at det under årets utgåve deltok rundt 220 utøvarar frå 31 klubbar, frå Førde i sør til Aure i nord. Stemnet er først og fremst eit lokalt stemne for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

- Deltakarane deltek i fleire øvingar. Til saman har vi vel hatt rundt 600 startar i løpet av dagen, så tidsskjemaet har vore temmeleg stramt. Det er mykje som kan skjere seg, ikkje minst teknisk. Dimna IL har mange flinke og garva funksjonærar, så sjølv om det var svært mykje som skjedde i løpet av eit kort tidsrom, så gjekk alt veldig bra, rosar Arve Hatløy.

Klubben kan etterkvart sjå tilbake på fleire store arrangement som dei har stått for gjennomføringa av, no sist NM i innandørs friidrett i februar i år Siste helga i januar, 27. - 28.1., vert det ope krinsmesterskap i friidrett i Ulsteinhallen.