Hødd sine rekruttar har berre vunne ein kamp denne sesongen. Søndag jaktar dei tre poeng borte mot KBK sitt andrelag.
Det er to botnlag som møtest i Kristiansund. Hødd 2 ligg heilt sist, medan KBK 2 er to plassar framom på 12.
KBK 2 har best form av dei to laga, med tre sigrar på sine siste fem kampar, men sist var det tremålstap borte for Ready.
I same perioden har Hødd 2 berre eitt poeng, etter 2-2 borte mot Spjelkavik. Sist tapte rekruttane 3-7 for Træff på Høddvoll.
Kampen i Kristiansund er Hødd 2 sin nest-siste før laget skal ein månads sommarpause.