– Der synest eg vi ser klar betring, slår Sindre Eid fast.

Han meiner laget hadde god kontroll i bakre rekkjer, men at det framleis er litt å gå på framover.

– Vi slepp til to sjansar i første omgang og eit skot frå distanse etter pause, det er bra. Offensivt så skaper vi seks-sju sjansar, litt for lite, men vi bør score eit mål eller to. Det er litt urytmisk og eg synest vi kavar litt. Spelarane vil så gjerne, men stressar litt for mykje. Det er likevel klar stigning og no er det noko på gong.

Eid legg til at laget no står med fire kampar på rad utan tap, men at ein manglar nokre få prosent på å bikke kampane i sin favør.

Brattvåg-kampen var den første av dei fire siste der Hødd ikkje scora mål, etter å ha scora to både mot Træff, Sogndal og Førde.

– Vi er nære ganske mange gongar, men det manglar litt på den siste tredjedelen.

Mangla presisjon

Trenaren meiner mykje handlar om presisjonen i spelet.

– Vi kjem til dømes på ein overgang tre mot to, ein slik sjanse vi skal score på, men blir for upresise. Det er sjølvsagt også litt marginar, som når Badr skyt og ballen går via ein forsvarar og ut.

Før kampen onsdag hadde Hødd to tap på rad i sine siste møter med Brattvåg. Dei unngjekk eit tredje, men klarte ikkje å slå 3.-divisjonslaget denne gongen heller.

– Brattvåg er eit godt lag. Dei held 2.-divisjonsstandard, det er det ingen tvil om, sjølv om vi helst skal slå dei.

Ung, men rutinert

Badr Rahhaoui spelte heile kampen på topp for Hødd, og ein fekk også sett lagets ferskaste nykomar i aksjon mot Brattvåg. Henrik Breimyr spelte heile kampen på midtbanen til Hødd.

– Det er litt i rykk og napp, som med resten av spelarane. Sjølv om det er ein spelar som har om lag 100 kampar i Obosliga og Tippeliga så treng han også litt tid. Han har ikkje spelt på lenge er ikkje i kampform heilt endå, men det satsar vi på at han blir ganske snart. Han er ung framleis, men samstundes rutinert og spelar klokt. Eg trur vi vil få veldig god nytte av han når han kjem i skikkeleg form, seier Eid.

Laurdag spelar Hødd sin siste oppkøyringskamp før seriepremieren borte mot Vard Haugesund. HamKam er motstandarar i generalprøven.