Måndag gjekk siste runde i årets 6.-divisjon Søre.
* Haddal hadde heimekamp mot Moltustranda/Gjerdsvika, som har hatt ein strålande haustsesong. Men Haddal spelte truleg årsbeste og vann 4-2 etter mål av Iver Osnes (2), Geir Televik og Karl Johan Hauge. Televik kom inn som innbytar på stillinga 1-0 etter 30 minutt, og kort tid seinare la han på til 2-0. Men etter 55 minutt på stillinga 2-1 måtte Televik forlate bana og køyre til legevakta, sidan han braut ein finger. Haddal endar på 21 poeng i årets 6.-divisjon og blir nummer fem, éi plassering dårlegare enn i fjor. Men merk at Haddal berre har tapt tre kampar. Seks av 14 kampar har enda uavgjort, og det har øydelagt for ei betre plassering.
* Hareid2/Hjørungavåg skulle ha avslutta med heimekamp mot Kvamsøy/ÅVK II i går. Men bortelaget måtte melde pass grunna for få spelarar. Truleg vinn HIL2/HIL kampen på walkover. Får dei sigeren endar årets poengfangst på 24, noko som gir ein fjerdeplass på tabellen. Dei to siste sesongane har Hareid 2 blitt nummer to i divisjonen.
Slik enda 6.-divisjon Søre:
1. Tjørvåg (31) (Rykkjer opp og får spele om KM-tittelen)
2. MIL/GIL (26)
3. Volda2/Hovdebygda2 (25) (NB. Manglar ein kamp mot Kvamsøy/ÅVK II. Uvisst om han blir spelt.)
4. Hareid2/Hjørungavåg (21) (24 om det blir siger på walkover mot Kvamsøy/ÅVK II.)
5. Haddal (21)
6. LGFK II (13)
7. Åheim (9)
8. Kvamsøy/ÅVK II (4)