Laurdag er det endeleg klart for 2018-utgåva av Norway Cup i Oslo. Turneringa som blir omtalt som den største fotballturneringa for barn og unge mellom 10-19 år har blitt arrangert sidan 1972.

Som vanleg er det ei rekkje lokale lag som legg turen til Ekebergsletta og dei andre områda der turneringa blir arrangert. Hareid IL er representerte med fem lag, medan Hødd reiser til Oslo med 11 lag.

Tips oss! Har du bilete frå Norway Cup eller tips om noko lokalavisa bør få med seg frå turneringa? Send inn bilete, tips, kampreferat og historier til sport@vikebladet.no

Hareid IL

Det er fem lag frå Hareid IL som tek turen til årets Norway Cup, tre gutelag og to jentelag. Fire av laga spelar sjuarfotball, medan G13-laget spelar niarfotball. Hareid sine lag har gjort det skarpt under Norway Cup dei siste åra. Så seint som i 2017 vann Hareid sitt sjuarlag i G15/16-klassen heile turneringa.

G13:

Spelar i gruppe 28 der dei skal møte Djerv 1919 III, Oppsal IF Fotball II og Førde IL. Første kampen for G13-laget går på Valle Hovin mandag mot Djerv 1919 III. Seinare same dag blir det kamp mot Oppsal, før gruppespelet blir avslutta på Ekeberg mot Førde IL tydag.

G14:

Hareid sitt G14-lag får prøve seg mot både nasjonal og internasjonal motstand under gruppespelet på Norway Cup. Dei spelar i gruppe 5 saman med The FA Of Jerusalem, Lom IL II og Elverhøy Fotballklubb. Laget sine to første kampar blir spelt på Valle Hovin, først søndag mot Elverhøy og deretter mot Lom IL II mandag. For G14-laget til Hareid sin del blir nok kanskje den mest spanande kampen i gruppespelet oppgjeret mot palestinske The FA Of Jerusalem, som er laget sin tredje og siste gruppespelskamp og blir spelt tysdag på Ekeberg.

G15/16:

Også for G15/16-laget til Hareid blir det utanlands motstand i gruppespelet. Laget skal spele i gruppe 8, ei gruppe med fem lag og dermed blir det også fire gruppespelskampar for Hareid. I gruppa møter dei Greipstad IL, Træff, Oppsal IF Fotball Blå og tyske Tus Felde.

Første kampen for G15/16-laget går på Ekeberg søndag mot Greipstad IL, medan fylkesoppgjeret mot Træff blir spelt mandag. Tysdag blir gruppa avslutta med to kampar på Ekeberg, først mot Oppsal IF og deretter mot Tus Felde. Her er det to av fem lag som går vidare til a-sluttspelet.

J14:

Hareid sitt J14-lag skal også spele i ei femlagsgruppe under Norway Cup. Her møter Hareid berre norsk motstand, og det blir også eit lokaloppgjer mot Vanylven FK. I tillegg skal Hareid møte Uskedal IL, Haugar SK og Dale IL.

Uskedal IL er mostandar i første gruppespelskampen, som går på Valle Hovin søndag. Vanylven FK og Dale IL er motstandarar tysdag, då gruppa blir avslutta.

J15/16:

Det eldste jentelaget til Hareid skal møte tre norske lag i kampen om å ta seg vidare til a-sluttspelet. Hareid spelar i gruppe med Håvik IL, Holum IL og Rosendal TL.

J15/16-laget startar med kamp mot Holum IL på Ekebergsletta søndag, før kampane mandag og tysdag, først mot Rosenddal og deretter mot Håkvik IL begge skal spelast på Valle Hovin.

Hødd

Det er heile 11 lag frå Hødd som tek turen til Oslo og Norway Cup denne sommaren, fem gutelag og seks jentelag representerer dei blåkvite.

G10:

Dei yngste Hødd-gutane som deltek under årets turnering er G10-laget som stiller i 3mot3. Der skal laget møte to lag frå Try IL, Høybråten og Stovner IL, Lørenskog og Ørn Horten.

G13:

Hødd sitt G13-lag stiller niarlag under årets turnering. Dei er plasserte i Gruppe 20, der det blir kampar mot LFUM Oslo II, Nordre Fjell Fotball og Oppegård IL. Hødd G13 skal spele alle gruppespelskampane sine på Ekeberg og startar med søndagskamp mot KFUM Oslo II. Måndag ventar Nordre Fjell Fotball, før gruppa blir avslutta mot Oppegård IL tysdag føremiddag.

G14:

For Hødd sitt G14-lag er det Gjerdrum, Korsvoll og Norheimsund Fotballklubb som er motstandarar i gruppe 9. Alle tre kampane i gruppa blir spelt på Ekebergsletta, med oppgjeret mot Gjerdrum først ut. Deretter ventar Korsvoll mandag og siste gruppespelskamp mot Norheimssund tysdag morgon.

G16:

Hødd stiller med to G16-lag til årets Norway Cup. Hødd I spelar i Gruppe 21 og får prøve seg mot Søgne FK, Charlottenlund SK og Alunorte Rain Forest.

Første og siste gruppspelskampane, mot Søgne FK søndag og brasilianske Alunorte Rain Forest tysdag, blir begge spelte på Ekeberg, medan mandagskampen mot Charlottenlund skal spelast på Abildsø.

Medan Hødd I skal prøve seg på brasiliansk samba i si gruppe blir det berre norsk motstand i gruppa for Hødd II. Der er det Rosendal TL, Langhus IL og Ulefoss SF som står på motsett banehalvdel i dei tre kampane.

Hødd II skal spele alle gruppespelskampane på ulike arenaer, først søndag mot Rosendal på Ekeberg, deretter mandag mot Langhus på Rustad, før gruppa blir avslutta på Valle Hovin mot Ulefoss.

J13:

Hødd stiller med to lag i J13-klassa under Norway Cup og begge stiller med niarlag. Hødd Blå stiller i gruppe 12, der motstandarane er Heil IL, Nordre Fjell Fotball og Heming IL. Laget skal spele to kampar på Ekeberg, men opnar turneringa på Furuset mot Hei IL søndag. Nordre Fjell er motstandar i kamp 2, før gruppespelet blir avslutta mot Heming IL på Ekeberg tysdag.

Hødd Kvit spelar i Gruppe 10 og skal møte Røa Super Reds, Hafslo og Øvrevoll Hosle i gruppespelet.

Kampen mot Røa Super Reds søndag går på Ekeberg, medan kampen mot Hafslo går på Lambertseter mandag og Øvrevoll Halse-kampen blir spelt på Furuset tysdag morgon.

J14:

Hødd sitt 11arlag i J14-klassa opnar Norway Cup med kamp mot Lille Tøyen Supergirls på Abilsø søndag føremiddag. Deretter blir det to kampar på Ekebergsletta mandag og tysdag. Først mot Charlottenlund SK og deretter mot Rana FK.

Hødd stiller også eit sjuarlag i J14-klassa. I Gruppe 6 møter Hødd Havdur IL, Brumunddal Fotball I og Skeid. Kampen mot Havdur søndag blir spelt på Valle Hovin, medan dei to andre går mandag og tysdag på Ekebergsletta.

J16:

Som sine yngre klubbveninner i J14-klassa skal også J16-laget til Hødd møte Skeid i gruppespelet. Hødd spelar i Gruppe 2, der dei forutan laget frå Oslo også skal møte Bremnes IL og svenske Kallhälls FF.

Skeid blir første motstandar for Hødd i ein kamp på Ekeberg søndag. Det er også arena for oppgjeret mot dei svenske jentene i Kallhälls FF mandag, før Bremnes IL og Hødd skal møtast til siste gruppespelskampen på Abilsø tysdag morgon.

J18/19:

Hødd sitt eldste lag under årets Norway Cup er J18/19-laget som skal spele i gruppe 5. Her møter Hødd Ranheim, Skjold/Stegaberg og Sandviken IL. Allle tre kampane blir spelte på Ekeberg. Hødd møter Skjold/Stegaberg søndag, Ranheim IL mandag og Sandviken IL tysdag. I fjor enda Hødd på ein fjerdeplass i J18/19-klassa.

Hugs å ta kontakt med Vikebladet Vestposten dersom du har bilete, tips, referat eller historier frå årets Norway Cup. Send inn dine bidrag til sport@vikebladet.no eller ring redaksjonen på 700 18 500.

Er du lagleiar eller kontaktperson for eitt av dei lokale laga som deltek? Gje oss gjerne eit vink slik at vi kan få kontakt undervegs i turneringa!