Tips oss! Har du bilete frå Norway Cup eller tips om noko lokalavisa bør få med seg frå turneringa? Send inn bilete, tips, kampreferat og historier til sport@vikebladet.no eller send oss ei melding på vår Facebook-side.
G14 11ar gruppe 9:
Gjerdrum - Hødd 0-2
Korsvoll - Hødd 0-6
Hødd - Norheimsund 2-1
Hødd sitt G14-lag gjekk gjennom gruppespelet utan å tape eit einaste poeng. Tre strake sigrar sikrar Hødd plass i a-sluttspelet, der dei går inn i 1/32-finale.
I tv-sendt kamp tysdag morgon var det Oliver Eliassen Aske som gav Hødd leiinga etter 12 minutt. Det som først såg ut som eit innleggsforsøk enda med å sette keeper ut av spel etter at ballen skifta retning på den humpete grasbana. Hødd kunne juble for 1-0, som også var resultatet ved pause.
Det var dei to topplaga i gruppa som møttest i denne kampen og det stod om gruppesigeren. Då gjorde det godt for Hødd med ei ny scoring berre minuttet ut i den andre omgangen. Kyrre Meinseth blei spelt fram på høgresida og brukte berre ei berøring på å sende ballen over i lengste hjørnet.
Norheimsund slo raskt tilbake og reduserte berre to minutt seinare, men Hødd var det beste laget i denne kampen og vann gruppefinalen 2-1.
G14 7ar gruppe 5:
Hareid - Elverhøy 7-0
Lom II - Hareid 1-19
Hareid - The FA of Jerusalem
Etter to storsigrar for Hareid var det duka for gruppefinale mot The FA of Jerusalem frå Palestian tysdag morgon. Også det palestinske laget hadde vunne stort i sine to første kampar, og det var dei som tok føringa mot Hareid. Ved pause var stillinga 0-2 og The FA of Jerusalem la på til 0-3 ikkje lenge etter pausen. Det palestinske laget la også på med både eit fjerde og femte mål i den andre omgangen. Deretter reduserte Benjamin Rise til 1-5 for Hareid, men det blei tap i den siste gruppespelskampen.
Hareid er likevel klare for 1/16-finale i a-sluttspelet. Der er det Høyang IL som blir Hareid sine motstandarar. Dei slo Bergsøy 3-2 tysdag morgon i kampen om gruppesigeren i gruppe 11.
G16 11ar gruppe 8:
Hødd II - Rosendal 1-5
Langus IL - Hødd II 2-2
Ulefoss - Hødd II 1-2
Victor Holstad og Sigurd Skeide Gundersby scora måla då Hødd 2 vann sin siste gruppespelskamp 2-1 over Ulefoss tysdag morgon. Dermed er Hødd 2 oppe på fire poeng, like mange som gruppetoar Langhus, men der Hødd er ferdige med sine gruppespelskampar spelar ikkje Langhus før i kveld mot Rosendal. Hødd 2 kan framleis gå til a-sluttspelet, men er då avhengige av at Rosendal slår Langhus med fem mål eller meir.
J16 11ar gruppe 2:
Skeid - Hødd 1-1
Hødd - Kallhälls FF 3-2
Bremnes - Hødd 2-3
Hødd-jentene starta turneringa med å spele uavgjort mot Skeid, men sikra seg gruppesigeren etter å ha slått både svenske Kallhälls FF og Bremnes med 3-2. Stillinga var 2-2 ved pause, etter scoringar frå Lisa Skotheim og Thea Ertesvåg. Anna Tødenes sikra sigeren med det einaste målet i den andre omgangen.
Laget gjekk dermed gjennom gruppa utan å tape, og er klare for 1/8-finale, men motstandarane der blir først klare seinare.
G16 7ar gruppe 8:
Greipstad IL - Hareid Il 1-7
Hareid IL - Træff 2-7
Oppsal Blå - Hareid IL 6-1
Hareid IL - Tus Felde
Hareid fekk ein tøff test tysdag mot eit Oppsal-lag som kom frå to storsigrar over Tus Felde og Greipstad IL. Oppsal tok også føringa i kampen og la på til 2-0 tidleg, men Christian Korshaug tende håpet for Hareid med si redusering like før pause. Etter kvilen var det igjen Oppsal som fekk den beste starten og som tidleg auka til 3-1. Oppsal Blå vart ein tøff motstandar for Hareid. I løpet av seks minutt scora laget tre mål og auka dermed til 6-1, som også blei sluttresultatet.
Gruppespelet blir avslutta med kamp mot det tyske laget Tus Felde tysdag kveld.
G13 9ar gruppe 20:
KFUM Oslo II - Hødd 4-0
Hødd - Nordre Fjell 4-3
Hødd - Oppegård 0-1
Hødd sitt G13-lag tapte 0-1 for Oppegård tysdag. Det var ein jamn kamp mellom dei to laga, der Hødd hadde mesteparten av presset i den første omgangen. Ved pause stod det 0-0, men Oppegård sikra seg kampens einaste scoring i den andre omgangen og dermed også sigeren.
Hødd G13 skal no spele b-sluttspel. Truleg endar laget på tredjeplass i gruppa og då blir det 1/32finale onsdag ettermiddag.
G16 11ar gruppe 21:
Hødd - Søgne IL 2-1
Charlottenlund - Hødd 1-1
Hødd - Alunorte Rain Forest 0-3
Det brasilianske laget Alunorte Rain Forest vart for sterke for Hødd sitt G16-lag tysdag og vann 3-0 i laga sine siste gruppespelskampar.
Søgne og Charlottenlund spelar siste kampen i denne gruppa tysdag kveld, men uansett resultat i denne kampen vil Hødd ende på ein tredjeplass i gruppa. For Søgne er det nok med uavgjort for å ta andreplassen, medan Charlottenlund vil passere både Hødd og Søgne dersom dei skulle vinne.
Det vil seie at Hødd spelar 1/32-finale i b-sluttspelet onsdag føremiddag.
G13 9ar gruppe 28:
Djerv 1919 III - Hareid 0-1
Hareid - Oppsal II 3-0
Førde - Hareid 1-5
Hareid tok seg vidare til a-sluttspelet i G13-klassa etter å ha vunne alle sine tre kampar i gruppespelet. Tysdag vart Førde slått 5-1. Emil Olai Hasund og Odin Bakke-Hareide scora to mål kvar, medan Jack Alme scora det femte.
G13-laget skal då spele 1/32-finale onsdag ettermiddag.
J18/19 gruppe 5:
Skjold/Stegaberg - Hødd 2-0
Hødd - Ranheim 5-1
Hødd - Sandviken 2-0
Med sin andre siger i gruppespelet er Hødd-jentene klare for a-sluttspel. Der blir Lier IL motstandar i 1/8-finalen torsdag.
J14 7ar gruppe 12:
Uskedal - Hareid 0-1
Vanylven - Hareid 3-0
Hareid - Dale 0-4
Hareid-jentene tapte sin siste gruppespelskamp med 0-4 for Dale tysdag. Dermed blir det b-sluttspel for Hareid. Laget vann opningskampen, men så vart det tap for Vanylven og no Dale.
No ventar Elverum Sort i 1/16-finalen i b-sluttspelet.