(NPK-NTB): Verdsmeisteren frå VM i London i fjor har gjennom heile friidrettskarrieren vore svært allsidig og tok så seint som i 2015 sølv i tikamp under junior-EM.

Sidan har han i stor grad spissa fokuset på langhekken. Det blir det ikkje aktuelt å endre på etter suksessen Ulsteinvik-guten har opplevd dei siste sesongane.

– Det blir i alle fall full satsing på 400 meter hekk inntil vidare. Eg lagar samtidig aldri ein plan som strekkjer seg ti år framover, og eg tenkjer at eg sikkert kjem til å bli rastlaus ein eller annan gong og vil prøve noko anna, seier Warholm til NTB.

– Men akkurat no og ei stund framover held eg ein knapp på 400 meter hekk, legg han til.

Meir potensial

22-åringen innleier sesongen under Diamond League-stemnet i Roma 31. mai. Ei veke seinare skal han prøve å begeistre Bislett Games-publikummet.

Warholm meiner bestemt at han har mykje meir inne enn det han har fått vist på langhekken så langt.

– Eg føler eg framleis har meir potensial å ta ut. Den dagen eg ikkje føler det, må eg finne på noko nytt å gjere. Då var det så god eg vart. For utvikling er det eg likar best av alt, seier 22-åringen.

På Bislett møter friidrettsprofilen skarp motstand i form av stjernetrioen Kerron Clement, Yasmani Copello og Kariem Hussein.

Under Diamond League-stemnet i Oslo i fjor slo Warholm blant anna nemnde Clement. Då gjekk nordmannen til topps, mens den erfarne amerikanske stjerna enda heilt sist.